NRK Meny
Normal

– Dette er forferdeleg tungt

For andre gong på få år har busselskapet Nettbuss vore involvert i ei dødsulykke. I dag omkom ein bussjåfør i ein frontkollisjon på E16 i Voss kommune. Selskapet tar det tungt.

Svein Arne Vik

INFORMERER: Marknadssjef i Nettbuss Travel, Svein-Arne Vik, seier dei no vil informere alle i selskapet om kva som har skjedd.

Foto: Ove Sveen / Fjordingen

Vi tenkjer så klart på familien og dei nærmaste og har medkjensle med dei. Dette er ikkje noko lett. Det er også nært for oss når det er snakk om ein kollega som har omkome mens han har vore på jobb, seier marknadssjef i Nettbuss Travel, Svein-Arne Vik til NRK.

Politiet opplyser like før klokka 18.30 at det er sjåføren av bussen som omkom i ulukka. Politiet har varsla næraste pårørande og skriv at dei vil følge opp familien. Årsaka til ulukka er enno ikkje kjend.

Ein buss og ein lastebil frontkolliderte ved Nakkagjelstunnelen på E16. Ein person omkom i ulukka og fem personar er lettare skadde. 12 personar er fysisk uskadde. Bussen var på veg frå Voss og til Bergen.

Trafikkulykke E16

NAKKAGJELSTUNNELEN: Det var her ulykka skjedde.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Informerer dei tilsette

Marknadssjefen i Nettbuss seier dei no jobbar med å lage informasjon som skal gå ut til dei tilsette i selskapet der dei vil informere om ulykka og elles jobbar dei med oppfølging av dei tilsette.

– Eg er litt usikker på kva vi vil gjere i praksis enno, men vi skal gjere så godt vi kan for å følgje opp folk lokalt. Dette er eit stort selskap så det er viktig for oss å kome ut med lik informasjon til alle dei tilsette, seier Svein-Arne Vik.

17 personar i bussen

Politiet tok kontakt med selskapet måndag ettermiddag i 15-tida og varsla om ulukka. Vik seier det var seks billettar selde på førehand for turen.

– Vi veit at dette er ein av våre bussar frå Nettbuss express mellom Sogndal og Bergen. Det gjeld avgangen som gjekk frå Sogndal kl. 11.30, seier Svein-Arne Vik i Nettbuss Travel.

– Talet på personar i bussen var 17 personar. 16 passasjerar og ein sjåfør.

Nettbuss Travel har oppretta krisestab i Oslo, og held kontakt med kriseleiinga i Vaksdal kommune.

Politiet har oppretta ein pårørandetelefon: 815 02 800.

Ulykken på E16 ved Nakkagjelstunnellen

Bussen frå ulykka på E16 ved Nakkagjelstunnellen

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Andre gong på få år

I 2013 omkom to personar etter at ein rutebuss frå Nettbuss og ein svensk turistbuss kolliderte på riksveg 55 i Fardal i Sogndal. Den eine omkomne sat i den norske rutebussen, den andre sat i turistbussen. To andre personar blei kritisk skadde i ulukka.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.