NRK Meny
Normal

– Dette er fjerde gong på to veker

Torsdag kveld dundra det nok ein gong steinar ned i vegen på fylkesveg 92 ved Hustavneset, mellom Vik og Arnafjorden. Det er fjerde gong på to veker, ifølgje pendlar.

Steinras fylkesveg 92 Arnafjorden - Vik

NOK EIN GONG: Det er langt frå første gong at dette er eit syn som møter pendlarar på fylkesveg 92 mellom Arnafjorden og Vik. Desse steinane kom ned i vegen torsdag kveld.

Foto: Ole Starheim Nese

Ole Starheim Nese er ein av fleire som pendlar mellom Arnafjorden og Vik kvar dag for å komme på jobb. Torsdag kveld hadde han vore på besøk i Vik. På veg tilbake låg det fleire steinar i vegen.

– Det er jo alltid litt ekkelt. Om den steinen ein gong skulle dette i hovudet så er jo ikkje det noko kjekt, seier han.

– Gale med tanke på vêret

Han flytta vekk dei steinane han klarte å flytte, men fleire var for store til at han klarte det åleine. Dette er, ifølgje Nese, fjerde gongen på to verker at det dett stein ned i vegen.

– Det er gale med tanke på kor fint vêr fint vi har hatt. Då kan ein tenkje ein seg korleis det blir når det kjem stygt vêr i vinter att. Det rasar fleire gonger om vinteren, og no har det også begynt å rase fleire gonger om sommaren også, så rasfaren er høg, seier han.

Og den konstante rasfaren er noko som påverkar folk i Arnafjorden på fleire måtar.

– Det er ein del som tenkjer på å flytte herifrå, blant anna grunna vegen. Og det er ikkje alltid folk vil komme på besøk grunna vegen, fortel Nese.

– Rasar jamt og trutt

At det rasar mellom Vik og Arnafjorden er ikkje noko nytt. Det seier Roger Nedberge Hille ved vegtrafikksentralen.

– Eg føler ikkje det har vore ekstra mykje no i det siste, men det rasar jamt og trutt, seier han.

Hille meiner det grunna den store rasfaren i området er viktig at folk melder frå når det kjem steinar eller større ras.

– Då får ein registrert alt, slik at ein kan gjere tiltak ut frå det.

Vegen mellom Arnafjorden og Vik ligg per i dag på sjuande plass på prioriteringslista til fylkeskommunen.

– Det ligg mange store prosjekt før denne vegen, så det vil nok ikkje skje noko her med det første, seier seniorrådgjevar i samferdsleavdelinga i fylkeskommunen, Lars Erik Lunde.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser