NRK Meny
Normal

– Dette er eit ran frå fellesskapet

Denne laksen var på veg til ei av elvene langs Førdefjorden, men enda sitt liv i eit av fleire garn som blei beslaglagt i natt. Hittil i år har styresmaktene beslaglagt hundrevis av ulovlege laksegarn.

Ulovlege fiskegarn i Førdefjorden

MYKJE GARN: Statens naturoppsyn fann natt til onsdag fire ulovlege laksegarn i Førdefjorden.

Foto: SNO

Stig Inge Hauge i Statens naturoppsyn (SNO) er rysta, men ikkje overraska over at dei også denne gongen fann ulovleg fangstreiskap i den nasjonale laksefjorden.

Han meiner at det ikkje er tvil om at nokon heilt bevisst har lagt ut flytegarna for å sikre seg villaks og sjøaure.

– Vi kjem borti det ganske ofte, og garna er i seg sjølv ulovlege. Desse garna ligg og flyt i overflata og har mykje mindre maskevidd enn det som er tillate, fortel oppsynsmannen.

Fiskar laks ulovleg

Han peikar på at dette er særleg alvorleg for dei fjordane i Norge der laksen er på veg opp i dei ulike lakseførande elvene. For Førdefjorden sin del gjeld det elvene Jølstra i Førde og Nausta i Naustdal.

– Det er problematisk at folk fiskar på denne måten. Om vi finn ut kven som eig garna, vil saka bli overtatt av politiet som då eventuelt vil etterforske.

Alle garn med større maskevidd enn 32 millimeter frå knute til knute, skal senkast ned på minimum tre meter. Alt fiskereiskap som står i sjø skal også merkast med namnet til eigaren. Garna som blei tatt natt til onsdag var ikkje merkte.

Arnstein Johnsen

UROA: Seksjonsleiar Arnstein Johnsen i SNO.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

16 melde til politiet

Miljødirektoratet ser svært alvorleg på at det er omfattande tjuvfiske etter laks og sjøaure i Norge. Arnstein Johnsen, som er seksjonsleiar på hovudkvarteret til SNO i Trondheim, er uroa over utviklinga.

– Vi dreg inn fleire hundre garn i løpet av ein sesong, og vi kan ikkje sjå vekk frå at dette fører til ei negativ påverknad på bestanden av villaks og sjøaure. På mange måtar kan ein seie at dette er eit ran frå fellesskapet, slår Johnsen fast.

Hittil i år er 16 personar melde til politiet for ulovleg fiske etter laks. SNO opplyser at dei fleste sakene er i Troms, Nordland og Hordaland. Dei samarbeider med politiet, Fiskeridirektoratet og Kystvakta for å få bukt med tjuvfisket.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast