Hopp til innhold

– Dette er ei tragisk ulukke

– Sogn og Fjordane-ekspressen har vore involvert i ei tragisk trafikkulukke, seier administrerande direktør Peter Midthun i Firda Billag.

tre døde i ulykke ved Sokna

TRE OMKOM: To menn og ei kvinne omkom og tre personar blei skadde i ein frontkollisjon mellom ein buss og eit vogntog på Ringerike i natt.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Peter Midthun

BUSS FRÅ FIRDA BILLAG: – Sogn og Fjordane-ekspressen har vore involvert i ei tragisk trafikkulukke, seier administrerande direktør Peter Midthun i Firda Billag.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

To menn og ei kvinne omkom og tre personar blei skadde i ein frontkollisjon mellom ein buss og eit vogntog på Ringerike like før midnatt. Bussen tilhøyrer Firda Billag.

– Eg blei oppringt av politiet kvart på eitt i natt. Ein av våre bussar var involvert i ein alvorleg kollisjon med eit vogntog, fortel Peter Midthun.

Kollisjonen skjedde på riksveg 7 ved Veme, to mil nordvest for Hønefoss sentrum rett før midnatt. Like etterpå køyrde ytterlegare eit vogntog inn i dei to køyretøya.

– Det var ni personar i bussen og tre av dei omkom, seier han.

Sit i kriseleiing

Han blei varsla kvart på eitt i natt og fekk samla beredskapsgruppa i busseselskapet. Dei har sete samla i heile natt.

– Vi blir her for å sjå om vi kan hjelpe til. Det er ein del spørsmål som dukkar opp og vi skal vere tilgjengelege. Vi varslar også folk om kva som har skjedd. Dei første sjåførane kom på jobb halv fem i dag tidleg og dei fekk vite kva som hadde skjedd.

Tek vare på kvarandre

Midthun seier det har vore ei vanskeleg natt for han og dei andre i selskapet.

– Det er veldig tragisk det som har skjedd. Det er ei forferdeleg ulukke. Det er viktig for oss å vite om det er noko vi kan hjelpe til med, seier han.

Utover dagen kan dei som har behov for det, snakka med Midthun og dei andre i krisestaben.

– Nokre av dei tilsette vil kanskje vere for seg sjølv, medan andre vil snakke med andre. Ei slik ulukke går inn på oss og vi skal iallefall ta vare på kvarandre.

Tre frakta til sjukehus

To busspassasjerar er flogne til Ullevål sykehus med alvorlege skader. Ein anna person er innlagd ved Ringerike sykehus. Dei andre passasjerane blir tekne vare på av kriseteamet i Ringerike kommune.

Har sikta vogntogsjåfør

I alt elleve personar var involverte i ulukka, ni i bussen og to vogntogsjåførar. Begge vogntogsjåførane er utlendingar og ein av dei er sikta etter ulukka.

– Politiet har sikra seg blodprøve av sjåføren av sjåføren som trefte bussen først. Så langt er det ikkje nokon mistanke om rus, men førarkortet blei rutinemessig beslaglagt sidan ulukka er så alvorleg, seier operasjonsleiar Ole Kristian Bekkedal i politiet til NRK.no.

(Artikkelen held fram under videoen)

Reporter Olav Døvik på ulykkesstedet

VIDEO: Reporter Olav Døvik er på ulukkesstaden.

Svært glatt på ulukkesstaden

Bekkedal fortel at det var svært glatt på ulukkesstaden.

– Det var meldt om veldig glatt veg på staden, men om det var årsaka til ulukka er vanskeleg å seie førebels, seier Bekkedal.

NRK-reporter Silje Kathrine Bjarkøy kom til ulukkesstaden i natt. Også ho seier det var svært glatt.

– Det var eit tynt og nesten usynleg islag på vegen som gjorde den svært glatt. Eg såg bussen og vogntoget som stod i grøfta. Politiet seier at vogntoget truleg har sklidd over i feil køyrebane. Det såg alvorleg og kaotisk ut, fortel ho.

Det er oppretta eit pårørandesenter på Comfort Hotell Ringerike og ein pårørandetelefon med nummer: 32103276.