Hopp til innhold

Kirketeig feirar med kake og kakao

Dommen i arbeidsrettssaka fastslår at oppseiinga av Jarle Kirketeig var ugyldig. Han er svært letta at det heile er over.

Dommen i arbeidsrettssaka fastslår at oppseiinga av Jarle Kirketeig var ugyldig. Han er svært letta at det heile er over.

VANN FRAM: Det var ein svært letta Jarle Kirketeig som i dag fekk medhald av retten på alle punkt i søksmålet mot Fellesforbundet. (FOTO: Heidi Lise Bakke)

– For fyrste gong er eg blitt høyrd, så det er ein utruleg følelse, seier Kirketeig.

– Korleis skal du feire i dag?

– Kvar dag medan rettssaka gjekk føre seg, var eg på Olefine der eg tok ein kopp kakao med krem, så no skal eg skeie ut. Eg skal bort og ha meg ein kopp med kakao og krem, og fortelje at eg har vunne, seier Kirketeig.

Dommen frå Fjordane Tingrett fastslår at Jarle Kirketeig får støtte på alle punkt i søksmålet han hadde reist mot Fellesforbundet avdeling 19 i Sogn og Fjordane. Kirketeig får 175.000 kroner i oppreising og Fellesforbundet må betale 528 000 kroner i sakskostnadene hans.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kirketeig

FEIRING: Jarle Kirketeig feirar med kake og kakao etter at han fekk medhald i retten.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Veldig takksam

Kirketeig var tilsett som organisasjonsarbeidar i Fellesforbundet avdeling 19. Då han vart oppsagd gjekk han til arbeidsrettssak for å få jobben sin tilbake.

– Det er ikkje lett å bli trudd på slikt, så eg er veldig takksam for at dei andre som har opplevd dette og som torde å stå fram, seier Kirketeig.

Ei av dei viktigaste arbeidsoppgåvene til Fellesforbundet å passe på at arbeidsgjevarar behandlar medarbeidarane sine skikkeleg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jarle Kirketeig og advokat Thomas Jarning

I RETTEN: Jarle Kirketeig og advokat Thomas Jarning under rettssaka.

Foto: Bård Siem / NRK

Trakassert og ugyldig oppseiing

Retten slår mellom anna fast at leiar i Fellesforbundet avdeling 19, Magne Ulvatn, jamleg og over lang tid har oppført seg på ein klanderverdig måte overfor Kirketeig, som vert karakterisert som trakassering. Det går vidare fram at trakasseringa har ført til at Kirketeig vart sjuk.

– Eg hadde eit fokus på at så lenge eg klarte å gjere arbeidsoppgåvene mine så skulle eg halde ut, men til slutt så klarte eg ingenting lenger. Sakte men sikkert gjekk det mot ein fullstendig kollaps, seier Kirketeig.

I dommen står det at fleire har forklart seg og omtala leiarstilen til Ulvatn som ein spesiell leiarstil, prega av hersketeknikkar, kjefting og mistenkeleggjering.

– Det viser berre kor viktig det er å velje leiarar med omhug, seier Kirketeig.

Han har tidlegare sagt at dersom han vann fram med rettssaka vil han ha Ulvatn fjerna frå stillinga si. Han vil ikkje sei noko meir om dette i dag, men seier at dersom han hadde vore i Ulvatn si stilling så hadde han trekt seg.

– Eg håpar at Fellesforbundet sentralt kanskje vil sei noko om dette. Eg tør ikkje sei noko om dette no, seier Kirketeig.

NRK.no har vore i kontakt med Ulvatn, men han ønskjer ikkje å uttale seg.

Målet er å komme tilbake

Kirketeig seier han ikkje har så lyst å tenke på om det vert ei anke i saka. Han seier han berre vil nyte det håpet han har fått, og prøve å kople heilt ut.

Sjølv om Kirketeig har fått jobben sin tilbake veit han enno ikkje kva tid han vil byrje å jobbe igjen, men han seier at målet er å komme tilbake til fagrørsla.

– No har eg ei bitter erfaring av kva det verkeleg betyr å vere organisert. Mi sak viser at det kan skje uansett kvar du er, og hadde ikkje eg vore organisert så hadde eg ikkje kunne teke den økonomiske delen med å ta ei sak.

– Eg hadde vore arbeidsledig i dag hadde eg ikkje vore organisert, avsluttar Kirketeig.