Hopp til innhold

– Dette er det beste eg har gjort nokon gong

Med pers i både rykk og støyt tok Marit Årdalsbakke (25) sin første internasjonale medalje under Nordisk meisterskap i Upplands Väsby i Sverige. Lagvenninne Ine Andersson tok bronse.

Marit Årdalsbakke og Ine Andersson, medaljar under Nordisk meisterskap

MEDALJAR: Marit Årdalsbakke (t.v.) og Ine Andersson med medaljane sine frå Nordisk meisterskap i vektløfting.

Foto: Privat

  • Sjå rekordløfta lengre nede i artikkelen.

– Dette er det beste eg har gjort nokon gong. Eg sette personleg rekord i både rykk og støyt og det har eg aldri gjort på eit stemne før, seier Årdalsbakke til NRK.

For under den Nordiske meisterskapen i vektløfting fekk ho full klaff. Først slo ho til med 86 kilo i rykk, før ho støytte 102 kilo. Det vart ein hard kamp om gullet mot islandske Anita Arradottir.

– Eg hadde leiinga etter rykk og då den islandske jenta bomma på 105 kilo i støyt trudde eg at det kunne bli gull, men så klinka ho til med 109 kilo. Det var imponerande, seier Årdalsbakke som løftar i 69-kilosklassen.

Marit Årdalsbakke sette to personlege rekordar under Nordisk meisterskap.

Marit Årdalsbakke sett personlege rekordar. Foto: Privat.

Medaljedryss

Rett før Årdalsbakke løfta lagvenninna Ine Andersson frå Tambarskjelvar i 63-kilosklassen. Det enda med ny pers i støyt med 107 kilo og bronsemedalje.

– Det var utruleg tøff konkurranse i min klassen så bronse er bra. Begge dei som slo meg var med i OL i fjor, men sjølv om eg sette pers så føler eg at eg har meir inne, seier Andersson til NRK.

For ho er det neste store målet EM i Tyrkia til neste år og sjølv om Nordisk ikkje var eit kvalifiseringsstemne var ho godt innanfor EM-kravet.

Andersson var den første kvinna frå fylket som nådde 100 kilo i rykk og for knappe to månadar sidan gjorde Årdalsbakke det same.

Marit Årdalsbakke, sølv i nordisk meisterskap i vektløfting

PALLEN: Marit Årdalsbakke (t.v.) får utlevert sølvmedaljen under Nordisk meisterskap i vektløfting i Sverige.

Foto: Privat

Inn mot Nordisk har ho trena på støyt i blinde.

– Eg har trena på det den siste månaden. Det å gjera det i blinde gjer at ein får ein annan kjensle på kor godt løftet er, seier Årdalsbakke.

I morgon løfter Sindre Rørstadbotnen og Vebjørn Varlid frå Tambarskjelvar i dei tyngste klassene.

Marit Årdalsbakke har trena på å løfte i blinde.