Hopp til innhold

– Dette er den kjekkaste kampen vi har spelt heile sesongen

HØNEFOSS – KAUPANGER: 0-4: Kaptein Tea Berteig fekk æra av å krone målshowet til Kaupanger like før pause. Med ein mållaus andreomgang er damelaget i Sogn eitt steg nærare opprykk.

Kaupanger sitt damelag etter kampen mot Hønefoss

GLADE JENTER: Sogn og Fjordane sitt beste damelag i fotball er eit steg nærare å få spele i 1. divisjon.

Foto: Kaupanger Fotball

– Dette er så utruleg herleg! I første omgang var vi overlegne, jublar kapteinen då NRK snakkar med ho etter kampslutt.

Med mål av Silje Torvanger, Miriam Vilnes Mjåseth (to mål) og den nemnde kapteinen vart det einvegskøyring då Kaupanger møtte Hønefoss borte søndag ettermiddag.

– Eg tenkte på det før i dag. Om dei tre hadde dagen, så skulle det bli vanskeleg for Hønefoss å stoppe oss. Og slik vart det. Vi hadde fleire gode sjansar, så sigeren kunne blitt mykje større, seier ein stolt trenar, Øystein Lindesteg Rinde.

Fekk løn for å ikkje gje opp

Tidlegare i haust butta det litt imot for Sogn og Fjordane sitt beste fotballag på kvinnesida. Kaptein Tea Berteig fortvilte over at laget leia tabellen, men mangla sjølvtillit.

Mot slutten av sesongen har Kaupanger funne att til gamle takter, og dei siste tre kampane har enda med siger. Det trur både kapteinen og trenaren betyr mykje når dei no speler om opprykk.

– Vi har vunne dei tre siste kampane når vi har hatt litt kniven på strupen. Vi har trent godt, stått i lag og vore samlande. Vi har vore fokuserte på det vi skal gjere, og det lønner seg, seier Lindesteg Rinde.

Han er imponert og stolt over laget sin prestasjon på bortebane.

– Vi spelar ein vanvitig god kamp. Eg er veldig stolt i dag, både over prestasjonen og ikkje minst resultatet.

Kaupanger vann over Hønefoss borte i første runde av kvalikkampane

JUBELSCENER: Etter fire mål i løpet av første omgang, kan Kaupanger no starte førebuingane til at Tromsdalen kjem til Sogn neste helg.

Foto: Kaupanger Fotball

– Eg håpar og trur at dette går

Kampen i dag er den første i eit opprykksgruppespel, der seks lag kjempar om to plassar i førstedivisjon. Etter sigeren i dag ventar Tromsdalen heime neste helg. Der kan opprykket bli avgjort.

No er det heim og ha ei heilt vanleg treningsveke før den avgjerande kampen.

– Vi er veldig opptekne av å gjere som vi alltid gjer. Vi skal trene tre økter, og jobbe med dei same tinga som vi har gjort. Det blir ikkje så mange krumspring, men ei veke der vi må prøve å halde beina på bakken og ikkje ta heilt av, seier trenaren.

I fjor fekk Kaupanger den verst tenkelege avslutninga på sesongen, då dei tapte mot Hinna og mista sjansen til opprykk. No er dei allereie eit godt steg på vegen mot spel i ein høgare divisjon.

– Dette har vi jobba for i veldig mange år. Eg håpar og trur at dette går. Om ikkje hadde eg ikkje drive med dette, seier Lindesteg Rinde.

– Kampen neste helg blir mest sannsynleg eit fyrverkeri av ein fotballkamp. Vi satsar på fulle tribunar og ein minst like god kamp som vi leverte i dag, lovar kaptein Berteig.