Hopp til innhold

– Dette er berre trist

Nok ein gong har nokon grisekøyrd og gjort skadar på fotballbana til Haugen fotball.

klengarberget

– TRIST: Djupe bilspor i snøen viser tydeleg på fotballbana til Haugen fotball i Eid. – Dette er rett og slett berre trist, seier banemeister Øystein Haugland.

Foto: Stig Høynes

– Ein blir fullstendig oppgitt, seier banemeister Øystein Haugland.

Tysdag morgon fekk Haugland telefon med beskjed om at nokon har sladda og spunne med bil på grasmatta i Eid.

Haugland har ikkje tal på kor mange gonger dei har vore nøydde til å reparere bana etter at nokon har brukt bana til andre aktivitetar enn ho er tenkt til.

Store øydeleggingar

Øystein Haugland

OPPGITT: Banemeister Øystein Haugland er lei av folk som råkøyrer på fotballbana til haugen fotball.

Foto: Privat

Førre gong nokon gjorde skade på bana var i 2015. Men også året før var det gjort vandalisme på fotballbana.

– Vi får ikkje sett kor store skadane er denne gongen før snøen er vekke. Men det blir nok store spor, og det er mykje arbeid å rette opp skadane. Det blir gjort på dugnad, seier Haugland.

Han fortel at det blir gjort vurderingar på å sette opp sperringar for å hindre at folk skal kome seg inn på bana.

Øystein Haugland

GONG PÅ GONG: Fotballbana til Haugen fotball har fleire gonger vore utsett for hærverk dei seinare åra. Her i 2015.

Foto: Stig Høynes

Vurderer å politimelde

Haugland seier det førebels ikkje er teke stilling til om saka blir meldt til politiet.

– Vi har meld slike saker til politiet tidlegare, vi tek ei vurdering i kveld på om vi skal gjere det denne gongen også.

– Dette kan verke som om dette er blitt ein hobby for nokon, men eg forstår ikkje kva poenget med dette er.