Hopp til innhold

– Dette er abslolutt interessant

Det er no mogleg å søke støtte til utbygging av hurtigladestasjon i 17 kommunar her i fylket. Bensinstasjonseigarar er positive til tiltaket.

Einar Kløve

INTERESSERT: Einar Kløve ved bensinstasjonen Best i Vik synest støttetilbodet til Enova høyrest interessant ut.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg ser at det vert stadig fleire elbilar i omløp her, så støtte til utbygging av hurtigladestasjon er absolutt interessant, seier Einar Kløve som er dagleg leiar for Vik Bil A/S og bensinstasjonen Best i Vik.

Kløve seier at tilbodet er nytt for han og at han må setje seg meir inn i sakene før han kan seie noko meir om dei eventuelt kjem til å søke støtte til utbygging. Statsføretaket Enova tilbyr no støtte til bygging av hurtigladestasjonar i 287 kommunar. Blant dei er 17 kommunar i Sogn og Fjordane.

Vil få fart på utbygging av hurtigladarar

– Vi ser at fleire kommunar enno ikkje har fått montert hurtigladarar, så no har vi lansert eit støttetilbod for hurtiglading i kommunane, seier marknadsdirektør i Enova, Audhild Kvam.

Audhild Kvam, Enova

TILBOD: Marknadsdirektør Audhild Kvam i Enova, seier dei vil tette hol i det norske ladestasjonskartet og tilbyr difor støtte til to hurtigladestasjonar i kvar kommune.

Foto: Enova

Det finst for tida tre ulike ladetypar, og ein trippelladar skal dekke alle desse tre ladebehova. Alle kommunar kan no få støtte til inntil to trippelladarar. Kvam fortel at hurtiglading er mest lønsamt å drive med på dei stadane der det er mest bilar, og at dei derfor trur støttetiltaket vil vere viktig for å få god ladedekning i heile landet.

– Vi ønskjer å nå ut til butikkar, bensinstasjonar eller kanskje også kommunen sjølv vil sette opp ein ladar utanfor kommunebygget, seier Kvam.

Ho fortel at det ikkje er nokon reglar for kven som kan søke om støtte frå Enova til å få sett opp ein slik ladar. Her er det førstemann til mølla. Dei som søkjer kan få inntil 200 000 kroner for kvar hurtigladestasjon, og Enova dekker då maks 40 prosent av totalkostnaden.

Ukjent, men interessant

– Dette er absolutt interessant, seier Svein Vee som er dagleg leiar for bensinstasjonen Best i Årdal.

Svein Vee

USIKKER: Dagleg leiar for bensinstasjonen Best i Årdal, Svein Vee, er interessert i støtteordninga til Enova, men vil undersøke kva totalkostnaden blir og om det kan vere lønsamt for dei å bygge ut ein slik ladestasjon.

Foto: Privat

Han fortel at han ikkje har høyrt om tilbodet frå Enova, men at han vil setje seg inn i det så fort det let seg gjere. Han er likevel litt usikker på kor mykje bruk ein slik ladar vil få i Årdal.

– Vi har ikkje så mange ladbare bilar her i Årdal. Så vidt eg veit har bilforhandlaren her i bygda berre selt tre reine elbilar, seier Vee.

Dei 17 kommunane i Sogn og Fjordane som kan søkje om støtte til å setje opp ein hurtigladar er: Askvoll, Balestrand, Bremanger, Fjaler, Hornindal, Hyllestad, Leikanger, Luster, Naustdal, Selje, Solund, Vik, Vågsøy, Årdal, Eid, Flora og Gulen.