Hopp til innhold

– Dette er 9,5 kilo med glede

Terje Årnes hadde drøymt om å hale i land ein aure av den størrelsen, men trudde aldri det skulle skje.

Aure

STORFISK TIL STORFISKAR: Auren ligg no i frysaren til storfiskaren Terje Årnes.

Foto: Leif Arne Åsen

– Eg kjende eit enormt rykk i garnet, seier Årnes frå Sandalen.

Sidan han var ti år har han fiska i Jølstravatnet. 40 år skulle det gå før ein aure på 9,5 kilo og 87 cm skulle hamne i garnet.

– Den hang godt, så eg tok handa inn i hjella og drog den inn i båten, seier han.

Er det som å vinne i lotto?

– Eg vil heller vinne i Lotto, men dette var veldig kjekt. Eg har fått mange store, men ikkje sånn som denne, ler Årnes.

Blir ikkje aure til middag

Aure

STORFISK TIL STORFISKAR: Auren ligg no i frysaren til storfiskaren Terje Årnes.

Foto: Leif Arne Åsen

Storfangsten skal ikkje pryde middagsbordet i kveld. Den er allereie i frysaren til Årnes.

– Det blir noko anna til middag. Fisken skal bli filetert og røkt. Det er det mest fornuftige.

Noko av det storfiskaren er mest spent på er kva som er i magen til den svære auren.

– Det kan vere ganske stor fisk i magen. Dei eter store fiskar, seier han.

– Det går jo berre oppover

Aure

FANGA I JØLSTRAVATNET: Den 9,5 kilo tungen auren vart tatt med garn i Jølstravatnet.

Foto: Leif Arne Åsen

Aurefiske i Jølstravatnet, som er rekna som eit av landets beste aurevatn, har lange tradisjonar.

Årnes legg ikkje skjul på at han har drøymt om å få ein aure på denne størrelsen, men aldri trudd at det faktisk skulle skje. Han er likevel ikkje heilt ukjend med store aurar.

– I 2014 fekk eg ein på 6,7 kilo og i 2015 var det ein på 7,8 kilo, så det går jo berre oppover, ler han.

Hovudsesongen for fiske i Jølstravatnet er mellom 10. august og 15. september, då ved bruk av flytegarn.

– Eg kunne fiska heile året, men det er godt å tenke på noko anna når sesongen er over.