Hopp til innhold

– Dette bør få opp interessa!

Den fantastiske innsatsen til det norske landslaget i EM-handball for menn bør inspirere fleire gutar til å satse på handball, meiner handballnestor Arvid Gimmestad.

Jubel håndballherrene

SUKSESS FOR LANDSLAGET: Mange jubla i lag med dei norske handballherrane etter sigeren mot Frankrike.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Mange sat klistra til TV-skjermen og fekk med seg at Norge overraska alle og slo EM-favoritten Frankrike ut av meisterskapen. No er dei klare for semifinale fredag.

Arvid Gimmestad har i mange år vore leiar for tidlegere Sogn og Fjordane Handballkrins, seinare i Region vest. Og rekruttering til herrehandballen har lenge vore sparsam i Sogn og Fjordane. No trur han på ein EM-effekt.

Arvid Gimmestad

– KRAFT OG SPENNING: Arvid Gimmestad håpar på ein EM-effekt.

Foto: privat

– På kort sikt håpar eg det betyr at fleire gutar og unge menn får lyst til å spele handball. Det er ein fantastisk flott idrett, og det er ein tøff idrett med fart og kraft og spenning. Det har sikkert mange fått med seg i TV-sendingane frå EM i Polen.

Det er ikkje berre i Sogn og Fjordane handballen slit med å få guar til å halde fram med handball over på seniornivå. I ein artikkel i Dagbladet blir det hevda at gutar vel vekk handball fordi det ikkje er mandig nok. For dei som har fylgt dei norske kampane i EM kan det høyrast merkeleg, for nokon pingleidrett er det ialflall ikkje.

Kvinnesuksessen har gitt effekt

Gimmestad viser til at den mangeårige suksessen til kvinnelandslaget har gitt positive effektar for rekrutteringa til jente- og kvinnehandball også her i Sogn og Fjordane.

– Det starta i 1986, og vi såg eit stort tilsig av jenter. Dersom herrelandslaget held fram med det dei har vist til no i EM vil det heilt sikkert vere med på å skape rekruttering til gute- og herrehandballen.

For tilstanden i herrehandballen i Sogn og Fjordane er ikkje spesielt god.

– Vi har nokre få miljø der vi har aktive eldsjeler og som gjer det bra og som rekrutterer bra. Men dei er for få. Gloppen har lang tradison, akkurat no er Stryn det einaste laget i 2. divisjon, og så blir det jobba godt i Florø og Sogndal.

Førde har for tida ikkje herrelag med i serien.

Trur på EM-effekt

Stryn er altså den einaste klubben som har lag i 2. divisjon for menn. Dagleg leiar Eli Kroken i Stryn Handball meiner det som no skjer i Polen vil gjere det lettare å få gutar til å satse på handball.

– Eg trur det er veldig viktig, og vi vil på sikt sjå at mange vil halde fram med å spele handball etter denne oppturen landslaget har hatt i EM. Eg håpar sjølvsagt at alle som spelar handball hjå oss vil halde fram med det når dei no ser kor moro det er.

Eli Kroken Stryn handball

– FÅR FLEIRE TIL Å HALDE FRAM: Dagleg leiar Eli Kroken i Stryn Handball.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ho seier det er mykje som gjer at dei fleste som spelar handball på gutenivå gir seg før dei når senioralder.

– Vi har konkurranse frå andre idrettar, ikkje minst fotball. Vi har starta med sjuåringar no i haust, og vi har ei gruppe på 15 der, vi har ungar frå åtte til 12 år og eit 14-årslag. Så dett mange av i 13-14-årsalderen. Då misser vi ofte gutane til fotballen.