Hopp til innhold

– Dette blir kysten sitt tiår

– Dei neste åra blir kysten sitt store tiår i fylket, seier administrerande direktør Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Industri langs kysten

VENTAR OPPTUR: Kystnæringane i Sogn og Fjordane kan stå framfor eit veldig godt tiår, meiner Sparebanken Sogn og Fjordane.

Foto: Fotomontasje

Arvid Andenæs

POSITIV: Administrerande direktør Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Foto: Pressefoto / Sparebanken SOF

Tysdag la Sparebanken Sogn og Fjordane fram sitt årlege fylkesbarometer. Her spår banken sterk vekst innan offshore, fiskeri, industri og anna næringsutvikling langs kysten.

– Alt tyder på at vi vil sjå ei sterk næringsutvikling på kysten. Sogn og Fjordane har til no lege litt tilbake for Hordaland og Møre og Romsdal, men no ser vi at også at vårt fylke kjem sterkt gjennom oljerealtert verksemd, seier Andenæs.

– Oppsving for industrien

– Vi får nye vegsamband på kysten, og vi ser at industrien tar seg opp igjen etter nokre labre år.

Havyard Leirvik i Hyllestad

Andenæs trekker fram skipsverftet Havyard Leirvik i Hyllestad, som bygger båtar i milliardklassen, som eit eksempel på kva han meiner.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Vi kan gå vidare oppover mot Lutelandet og sjå på kva som skjer der i forhold til offshoreverksemd. Og vi kan gå vidare til Florø, og vidare til Bremanger og Måløy og sjå på dei aktive og kreative og innovative miljøa som er der.

- Så fisk, olje og båtar skapar vekst?

– Ja, og i det så ligg også oppdrett selvfølgeleg, som er ei gullkanta næring for tida. Berre i fjor så produserte den næringa verdiar for tre milliardar kroner her i fylket.

Potensialet for vekst størst på kysten

– No håpar eg at ikkje folk i Årdal og Stryn og Sogndal blir sure på meg fordi eg framhevar kysten. Det er ikkje meininga. Eg trur ikkje det kjem til å gå dårleg på desse plassane her, seier Andenæs.

– Eg seier berre det at dei næringane vi ser har potensiale ligg først og fremst på kysten.

– Heldigvis så ser vi jo at industrien i Stryn tar seg opp, og vi har eit reiselivsnæring som står sterkt i Stryn, seier Andenæs.

Han synest utviklinga rundt høgskule og Vestlandsforskingmiljøet i Sognda er fin.

- Vi har god aktivitet og vekst i sysselsettinga i offentleg sektor i Indre Sogn, seier han.

LES OGSÅ:

Færre bønder

Kyr.

Færre mjølkebønder, men like stor mjølkeproduksjon.

Foto: Arne Eithun / NRK

Dei siste fem åra har ein tredel av mjølkebøndene i fylket forsvunne. Samstundes er den samla mjølkeproduksjonen like stor som før.

- Det betyr at landbruksnæringa kanskje er den som har gått gjennom den største rasjonaliseringa og omstilling dei siste åra. Ei omstilling som eg tykkjer bøndene har takla velding bra.

– Men så ser vi vel og at når det gjeld å tene pengar så slit ein?

- Nja, dei har vel lett for å klage litt for mykje, eg synest eg ser mykje fine traktorar og firhjulsdrivne bilar rundt om kring på gardsbruka i Sogn og Fjordane, så eg trur ikkje det er så gale.

- Meiner du bøndene klarar i Sogn og Fjordane klagar for mykje?

- Det var det du som sa.

– Men du snakka om fine bilar og dyre traktorar?

- Ja, eg tykkjer ikkje dei klagar så veldig mykje. Eg trur dei som klagar ikkje har så mykje i næringa å gjere. Vi ser mange offensive og flinke bønder i den nye generasjonen som kjem til og eg synest det ser veldig bra ut på mange måtar.

LES OGSÅ:

Andenæs seier det er er dei vi skal støtte og bygge opp under i tida framover.