Hopp til innhold

NVE: – Hald deg unna skredterreng

Det er berre å skalke lukene. Søndag og måndag blir våte, frykteleg våte, på Vestlandet og i Nordland. Det kan føre til både flaum og snøskred.

Snøskred

NEST HØGSTE NIVÅ: Snøskredfaren i Indre Fjordane er på nest høgste nivå.

Foto: NRK-TIPSAR

Store nedbørsmengder og mykje regn gir betydeleg snøskredfare i store delar av landet.

Fredag vart snøskredfaren i Indre Fjordane oppjustert til raudt.

– Hald deg unna skredterreng. Det vil seie terreng som er brattare enn 30 grader, seier Tommy Skårholen ved snøskredvarslinga hos NVE.

Når det gjeld Hordaland, blir snøskredfaren i Hardanger og Voss på raudt nivå på søndag.

– Det blir høgare temperaturar og det kjem store nedbørsmengder som regn. Då blir snødekket blautt og tungt, og vi ventar at det vil gå store, naturleg utløyste skred, seier Skårholen.

Han oppmodar om å halde avstand frå bratte fjellsider.

70–110 millimeter

Tone Christin Thaule

STOR ENDRING: – Eg vil ikkje kalle det turvêr dei neste dagane. Det kan nok vere greitt å finne på noko innandørs, seier Tone Christin Thaule.

Foto: Meteorologisk institutt

Vêrvarslinga har sendt farevarsel på gult nivå for nedbørsmengdene som er venta innover Vestlandet i helga. I løpet av 24 timar kan utsette stader få mellom 70 og 110 millimeter nedbør. Enkelte køyringar har også vist større nedbørsmengder.

– Eg ville vald andre dagar for å gå på tur, og skal du køyre i fjellet kan det vere lurt å følgje med på oppdaterte vegmeldingar, seier statsmeteorolog Tone Christin Thaule.

Varselet gjeld både Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Eit lågtrykk som ligg langt vest i Atlanterhavet er på veg austover og nærmar seg kysten vår. Det betyr aukande vind, og nedbør frå laurdag av, seier Thaule og legg til:

– Ytre delar får den mest intense nedbøren på søndag, medan midtre og indre delar får den mest intense nedbørsperioden på måndag.

Ventar lokale flaumar

Såpass store nedbørsmengder på frosen bakke fører med seg komplikasjonar. I tillegg blir det mildt, og snøgrensa flyttar seg til kring 1.000 meter.

Lenger nord er det venta 50–70 millimeter nedbør i Nordland, noko som gjer at også dei er inkludert i NVE sitt gule varsel for flaum.

Knut Ola Aamodt

FLAUMFARE: – Bakken er frosen veldig mange stader, og når det då kjem 60–80 millimeter nedbør, og veldig kraftig temperaturstigning, så blir det vått og mykje smelting, seier Knut Ola Aamodt i NVE.

Foto: Stig Storheil / NVE

Knut Ola Aamodt ved flaumvarslinga seier at midtre og indre strok av fylka får mest nedbør.

– Det ser ikkje ut til at det blir store flaumar i dei store vassdraga, men det vil heilt sikkert oppstå ein del lokale flaumsituasjonar søndag og natt til måndag, seier han.

– Sikre eigedomane

– Ein bør sikre eigedomane sine så godt som mogleg, hald stikkrenner opne og drener vatnet på best mogleg måte. Det kan vere at ein må hakke is og reinske opp der vatnet helst bør renne, legg Aamodt til.

NVE har også sendt ut varsel om jord-, sørpe- og flaumskred på gult nivå for Nordland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Varselet gjeld også delar av Møre og Romsdal, Trøndelag og Troms.

– Bratt terreng er generelt utsett for jordskred, og for sørpeskred må det vere minst 40 centimeter snø før faren er til stades, seier Tuomo Saloranta, jordskredvakt hos NVE.

– Stor vêrendring

Det er også venta kraftig vind langs kysten. Vindkast på opp mot 30 m/s er laurdag kveld og natt til søndag venta å treffe land i Ofoten, Vesterålen og Troms.

Det er med andre ord ein noko uroleg vêrtype vi går inn i.

– Det er ei stor vêrendring på gang i høve til det vi har hatt, og har no, seier Thaule.