Hopp til innhold

– Det vil bli meir og meir vanleg å sjå ulv

Bestanden av ulv veks no kraftig i Skandinavia, viser ferske tal.

Ulv

MEIR ULV I NORGE: Meir ulv i Sverige, gjer at talet på ulv i Norge også vil auke. Særleg unge streifdyr, som kan flytte seg raskt og langt.

Foto: Colorbox

– Det er først etter år 2000 at stammen har bygd seg opp att. No byrjar det å bli mykje ulv, særleg i Sverige. Vi kan forvente fleire og fleire streifdyr inn i Norge, seier rådgjevar i naturorganisasjonen WWF-Norge, Sverre Lundemo.

Ifølgje nye tal frå Rovdata er den felles norsk-svenske ulvestammen no oppe i kring 460 dyr, dette er 60 fleire enn i fjor. Dei aller fleste held til på svensk side av grensa. Men seinast i fjor blei ein ulv skoten i Naustdal i Sunnfjord, og dei siste vekene har det vore gjort fleire observasjonar av ulv på Vestlandet.

Flyttar seg raskt

– Ulven kan streife langt på kort tid i jakta på eit leveområde. Veldig mange av dei ulvane som blir observert i Norge, er dyr som kjem frå Sverige på leiting etter partnar og eit bra område, seier Lundemo.

– Dei tek seg fram over det meste, dei kan krysse vatn, fjell og elvar. Når ein ser på korleis dei bevegar seg, så følgjer dei ofte store dalføre. Dei kan til dømes følgje Gudbrandsdalen og Østerdalen oppover og over til Vestlandet, seier rovdyreksperten.

Ulvejakt i Ringebu.

NÆR HUS: Lars Freng klarte å fange denne ulven i Ringebu på video i mai i år. Den blei seinare skoten.j

Sterk vekst i Skandinavia

Dei siste 17 åra har det vore ein årleg tilvekst på kring 15 prosent i den skandinaviske ulvestammen. Bestanden har, ifølgje Rovdata, auka frå totalt 10 til 68 familiegrupper og par. Talet på dokumenterte kvalpekull har auka frå 6 til 46 i den same perioden.

– Dette er noko som har bygd seg opp over tid. Bestanden i Skandinavia var veldig låg i ein lang periode. Det er jo ikkje lenger enn 40 år sidan den blei freda i Norge, og enda tidlegare i Sverige.

Ulv skutt i Naustdal

SKOTEN I FJOR: Denne unge hannulven blei felt i Naustdal i Sunnfjord i desember 2014.

Foto: Stein Mortensbakke

– Meir uroa om eg møter ein elg

Sjølv om det kjem til å bli vanlegare og vanlegare å treffe på ulv også i andre område enn i grenseområda mot Sverige, forsikrar Sverre Lundemo om at ulven normalt sett ikkje er farleg for menneske.

– Personleg ville eg nok vore meir uroa om eg møtte elg i skogen. Ulven er relativt sky, men det er klart om du går på den og du har vinden i mot deg, så kan den nok kome uforvarande på. Særleg ungdyr vil kunne opplevast som lite sky.

– Kva skal ein gjere om ein treff på ulv?

– Om du er redd for å treffe på ulv, så er det berre å lage litt lyd når du går i eit område der du trur du kan treffe på ulv. Om du klappar i hendene, vil du gjere ulven merksam på at du er der og då vil den forsvinne den ganske raskt, meiner Lundemo.