Hopp til innhold

– Det vart mindre tøft enn eg trudde, men glad eg har kjærasten med meg

Han kjempar på to frontar i Tyrkia: mot nedrykk og for meir speletid. Då er støtta frå kjærasten, Savannah, viktig vedgår fotballspelaren Kristian Fardal Opseth (29).

Kristian Fardal Opseth er glad for at kjæresten, Savannah, vart med på lasset til Tyrkia

STØTTE: Kristian Fardal Opseth er glad for at kjærasten, Savannah Francis, vart med på lasset til Tyrkia.

Foto: Privat

– Det er ikkje så mange poeng opp til sikker plass. Det vert ei spanande avslutning, seier sogningen. Alt kl. 15 i dag møter dei borte Antalyspor som har ein god del fleire poeng.

Etter to suksessrike sesongar i Bodø/Glimt, der han kvitterte ut 38 seriemål, kom meldinga i januar i år om at sogningen hadde skrive kontrakt med den tyrkiske toppklubben BB Erzurumspor.

Takkar kjærasten

Då han i slutten av januar kom til Tyrkia vart han teken mot på ein god måte. Overgangen vart enklare enn han hadde sett føre seg, fortel han tre månader etter overgangen.

– Eg hadde venta at det skulle verte tøft å komme ned hit og at eg kom til å vere meir åleine, men slik har det absolutt ikkje vore. Både lagkameratar og støtteapparatet rundt meg har stilt opp og hjelpt meg.

Erzurum er ein by som ligg aust i Tyrkia, 1900 meter over havet. Trass i eit godt miljø på jobb, kan livet fort verte litt einsidig utanfor fotballen.

– Det er ikkje så mykje å gjere på eigentleg. Dei fleste har familie så det blir mykje kvar for seg på fritida. Eg er difor veldig takknemleg for at kjærasten min, Savannah, vart med ned hit.

Kristian Fardal Opseth på trening med Erzurumspor

GODT MILJØ: Kristian Fardal Opseth på trening med Erzurumspo rett etter at han kom til Tyrkia.

Foto: Büyükşehir Belediye Erzurumspor

Kontrastar til Noreg

Opseth som har fartstid både i Førde, Sogndal og Bodø/Glimt fortel om store skilnader mellom den norske og tyrkiske ligaen.

– I Noreg er det mykje meir fokus på taktisk jobbing. Her nede spelar vi berre fotball utan å diskutere så mykje taktikk.

Og ikkje minst er fotballinteressa atskilleg større i det nye heimlandet hans. Dette fekk han kjenne på allereie før han hadde signert for klubben.

– Då eg skulle ned for å sjå på forholda hadde eg ikkje landa i Istanbul ein gong før eg såg at det florerte bilete av meg på sosiale medium. Blant anna hadde einkvan redigert på meg ei Erzurum-drakt.

– Fantastisk kjensle

Opseth fekk for alvor kjenne på trykket då han fekk prøve seg på bortebane mot Besiktas i debutkampen. Fansen deira er berykta for å vere blant dei mest høglydte i verda.

– Det kjendest fantastisk å gå ut på bana. Du hadde ikkje ein sjanse til å høyre kva dei andre sa. Du kjende det i øyrane for å seie det slik. Det var ei spesiell oppleving, fortel sogningen.

Utfordringar med ny trenar

Tidleg i mars vart det klart at trenaren som hadde henta Opseth til klubben vart erstatta av den gamle Galatasaray-helten Hamza Hamzaoğlu. Dette førte til endringar i spelestilen. Førebels har ikkje dette gagna sogningen. Førre kamp sat han heile kampen på benken.

– Det har heilt klart vorte meir utfordrande for min eigen del etter at den nye trenaren kom inn. Men eg må jo berre jobbe hardt og syte for at eg gjer det so bra at han ikkje har noko anna val enn å bruke meg, seier Opseth.