Hopp til innhold

– Det vart ikkje mykje søvn i natt

Eid-ordførar Alfred Bjørlo trudde han hadde gjort tidenes hotellkupp då han vitja Oslo i går, men det synte seg at det gode tilbodet var for godt til å vere sant.

Hotellrommet til Alfred Bjørlo

STUSSLEG: Ordførar Alfred Bjørlo tykkjer hotellrommet hans var litt stussleg i natt, men han er likevel glad for at han fekk den artige opplevinga.

Foto: privat

– Eg skulle bestille hotellrom kvelden før, og så var det berre svindyre rom ledige. Alle kosta tre og fire tusen, bortsett frå eit rom som berre kosta 500. Det var berre eitt ledig, så eg tenkte eg skulle smelle til, seier Bjørlo.

Men då han kom til hotellet fekk han seg ei overrasking. Det synte seg at det var ein grunn til at hotellrommet var så billig. Det var nemleg ikkje eit vanleg hotellrom.

Les også: På Nordfjordeid kan du snart sjå eit vikingskip bli bygd.

– Eg måtte dele rom med tre andre, så det vart ei litt annleis natt enn planlagt, seier Bjørlo.

Alfred Bjørlo

UROLEG: Alfred Bjørlo innrømmer at han søv uroleg, og at det ikkje hjelpte på i dei knirkande sengene.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Hadde hamna på eit ungdomsherberge

Det var altså ikkje eit hotell han hadde kome til, men eit klassisk ungdomsherberge.

– Det var ei rumenar som reiste verda rundt, og så var det eit litt stille og forsiktig koreansk kjærastepar. Så det vart i alle fall eit litt meir eksotisk oslobesøk enn det som er vanleg.

Sov du godt?

– Nei. Det var køyesenger av det knirkande og gnissande typen, så kvar minste rørsle laga lyd, og korkje eg eller rumenaren i toppsenga var av typen som ligg roleg om natta skulle det vise seg, ler Bjørlo.

Skulle snakke om trong økonomi

Det einaste positive som kom ut av uhellet er at Bjørlo i alle fall fekk med seg nokre gode poeng på vegen sin til Stortinget. Der skulle han fortelje om den tronge pengesekken i kommunen hans, Eid.

– Heile formålet med osloturen var å fortelje Stortinget om den dårlege økonomiske situasjonen i Eid, så det vart i alle fall lett å forklare det poenget.