Hopp til innhold

Hansen etter to tap mot Florø: – Det var vondt sist, no var det berre pinleg

FLORØ (NRK): Mjøndalen vart rundspelt av Florø i 85 minutt. Etter kampen var trenar Vegard Hansen flau og trist over prestasjonen.

Vegard Hansen etter tap mot Florø

BLYTUNGT: Mjøndalen-trenar Vegard Hansen var ein slagen mann etter 5-0-tapet.

Foto: Truls Kleiven

– Det er trist å sjå at eit lag kan senka seg ned på eit så lågt nivå, seier Mjøndalen-trenar Vegard Hansen til NRK etter kampslutt.

Då hadde han nettopp sett Endre Kupen og Florø terrorisere forsvaret sitt og scora fem mål. Fire av dei av Endre Kupen på ein halvtime.

– Pinleg

For andre gong i år har Florø slått Mjøndalen. Då laga møttest tidlegare i år stoppa Florø sigersrekkja til Mjøndalen med ein 4–2-siger, og Vegard Hansen skreiv dette på bloggen sin:

«Å tape hjemme mot et nyopprykket lag er omtrent like vondt som å hoste med ribbeinsbrudd. Siste helgen i juni prøvde jeg begge deler.»

Etter å ha tapt 5–0 mot same lag var han like skuffa.

– Det var vondt då. Då hadde det gått lenge sidan vi hadde tapt og vi hang med i toppen. Dette var berre pinleg. Eg er flau. Det går på stoltheita vår, seier Hansen.

– Kampplanen fungerte

For Florø betyr sigeren at dei tryggar femteplassen i divisjonen, som gjev kvalifisering til eliteseriespel.

– Det var ein veldig god kamp. Kampplanen fungerte og vi hadde ein effektiv spelar framfor mål, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

– Det er kjekt å sjå at spelarane tar nye nivå. No tar vi ein kamp om gongen, så får vi sjå kor vi ender, svarar han på spørsmål om sjansane for å blanda seg inn i kampen om opprykk.

Storscorar Endre Kupen er beskjeden når han vert spurt om eigne prestasjonar, men er meir offensiv på laget sine vegne.

– Vi spelar godt om dagen. No skal vi peise på og ta den kvalifiseringsplassen, seier Kupen.

Terje Rognsø og Endre Kupen

SMIL: Terje Rognsø og Endre Kupen hadde god grunn til å smila etter kampen.

Foto: Truls Kleiven
Laster innhold, vennligst vent..