NRK Meny
Normal

Høyr augevitne beskrive storbrannen - og sjå unik lesarvideo frå staden

– Vinden er temmeleg sterk, så elden spreier seg raskt. Før vi reiste gjekk den i retning skogen og vidare mot sentrum, fortel Ragna Finden Skaim.

Slik såg det ut under storbrannen på Lærdalsøyri.

FILMA BRANNEN: Slik såg det ut under brannen på Lærdalsøyri

Fleire hus har gått med, og endå fleire hus og både bensinstasjon og kyrkja står i fare for å bli slukt av flammane i storbrannen i Lærdal.

Politiet fekk melding om brannen like før klokka 23. I tillegg til brannmannskap i Lærdal, er også alt tilgjengeleg mannskap frå Aurland, Årdal, Sogndal og Voss kalla ut.

– Det var veldig kaotisk der. Folk og bilar som køyrde tutande og med naudblink gjennom gatene for å vekkje folk. Det virkar ikkje som om brannen er under kontroll i det heile, seier Ragna Finden Skaim frå Aurland.

HØYR AUGEVITNE ØYSTEIN HELLAND FORTELJE OM BRANNEN:

Ho tok turen til Lærdal då ho høyrde om storbrannen som var under utvikling. NRK.no snakkar med henne på veg heim til Aurland. Ho fortel flammane var mellom 50 og 75 meter frå kyrkja då ho reiste frå staden.

– Men dei er nok nærare no, seier ho.

– Det var veldig spent stemning. Alle som stod der ville hjelpe, men vi visste jo ikkje kva godt vi kunne gjere, legg Skaim til.

Sju hus skal stå i brann og fleire personar er i ferd med å bli evakuert. Bønder blir oppmoda om å stille opp for å hjelpe til i sløkkingsarbeidet. Men arbeidet er svært krevjande. Det er kraftig vind i området.

– Det var veldig skummelt å vere der. Vi kjenner jo mange frå Lærdal, og det var frykteleg å treffe på folk som har fått husa sine brent ned eller har hus som står i fare, legg Finden Skaim til.

Busetnaden på gamle Lærdalsøyri er noko av det mest særmerkte som er att av gamal tettstadsarkitektur i Noreg. I alt 161 hus på Lærdalsøyri er verna, og ved sida av Bergstaden Røros er Lærdalsøyri eitt av dei største samla bygningsmiljøa frå eldre tid som er teke vare på i Noreg. Lærdalsøyri er på Riksantikvaren si liste over byområde av kulturhistorisk interesse.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast