NRK Meny
Normal

Rett frå terrordramaet i Brussel til påskeferie i Askvoll

– Det var ufatteleg godt å komme heim, gi mamma ein god klem og få seg ein tur på fjellet, seier Tore Storehaug frå Askvoll.

Tore Storehaug

GODT: Etter den dramatiske opplevinga i Brussel tysdag, tykkjer Tore Storehaug det var svært godt å få feire påske heime i Askvoll.

Foto: Privat

Skilnaden kan nesten ikkje bli større. Tysdag morgon var Tore Storehaug i Brussel då to terroråtak kravde over 30 menneskeliv og skadde over 270 menneske.

Langfredag var det nye eksplosjonar og skyting i Shaerbeek under ein stor antiterroraksjon. Då var Storehaug på veg mot Etrenipa med gode vener.

– Eg er berre glad eg er vekke frå Brussel, og håpar alle har det bra, seier Storehaug.

Endra planane sine

Som NRK fortalde tysdag, skulle Storehaug ha kome til den belgiske hovudstaden tysdag morgon. KrF-politikaren landa kvelden i førevegen og var difor ikkje på Brussel lufthamn Zavantem då den første bomba gjekk av.

I staden for å ta T-bana til det europeiske folkepartiet sitt kontor, valde han å gå. Dermed var han heller ikkje på Maelbeek t-banestasjon då bomba der gjekk av.

Skjærtorsdag kom han heim til påskefeiring i Flokenes.

– Det er veldig godt å vere heime. Eg hadde mykje tankar då eg var i Brussel, men eg fekk det godt på avstand gjennom mykje reising, seier han.

Harald og Miriam Ålen

OPPLEVING: Harald og Miriam Ålen følgjer Tore Storehaug på fjellturen langfredag.

Foto: Privat

– Ei heilt anna røynd

Storehaug prisar seg lukkeleg over at han kan sjå fram til ei ny påske med fjellturar, Førdefjorddagane eller Bruhøgda Grand Prix, eit kassebilløp på Svanøy.

– Det er ei heilt anna røynd å komme heim til. Det var godt å komme vekk frå trusselbiletet og sirenene i Brussels gater, seier han.

Til alt hell gjekk det bra med dei han kjenner i Brussel.

– Ein person eg var i møte med, var i ankomsthallen då bomba på flyplassen gjekk av. Han mista berre mobiltelefonen, men kom seg vidare, seier han.

Skal ned att

Storehaug føler han har fått hendinga på avstand. Sjølv om han ikkje opplevde noko traumatisk den dramatiske tysdagen, tykte han det var veldig godt å komme heim til langt tryggare omgjevnader i Askvoll. Hendingane har han fått på avstand.

– Det er vel mest slik at ein ikkje treng spørje om det skjer igjen, men når. Difor er det endå viktigare å byggje sterke fellesskap i Europa, seier han.

– Korleis blir det å komme til Brussel att?

– Eg skal ned att to-tre helgar etter påske. Det blir litt spesielt å sjå att byen, stadane og å treffe folka igjen. Men etter det som har skjedd, så freistar det ikkje å ta T-banen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.