15. August 2016. Aril Sande og mannskapet på Siem Pilot får oppkall på radioen. Dei set kurs mot ein båt i naud utanfor kysten av Libya. Båten har fleire hundre flyktningar om bord. Då dei kjem fram til båten, skjønar Sande kor ille det er.
– Det største sjokket var å sjå alle dei døde.
I botnen av båten låg 49 omkomne. Truleg døde dei av kullosforgifting.
Sande gjekk om bord i båten og byrja å skjere opp dekket på båten.
– Det var eit vanvitig inntrykk å stå der med døde menneske rundt beina. Det kjem eg aldri til å gløyme.
Då skipet la til kai på Sicilia, gjekk 416 overlevande i land. 49 var omkomne.
– Vi fekk om bord familiar som hadde kryssa Middelhavet saman. Då vi slapp dei i land i Italia var det kanskje berre halve familien som gjekk i land. Det var mykje sorg.
- Les også:
Førebudde seg på det verste
Tre månader seinare sit Sande i bustaden sin heime i Bergen og ser på bilete frå opphaldet sitt i Middelhavet. Inntrykka han sit att med frå det siste året, er vanskeleg å fordøye.
– Det å sjå det på fjernsyn er éin ting. Å stå midt opp i det er noko heilt anna.
I april 2015 bestemte regjeringa at Norge skulle sende eit skip til Middelhavet for å delta i operasjon Triton. Sande, som jobbar som dykkar på Kystvakta, var med på det aller første oppdraget.
Han var ikkje i tvil om han skulle seie ja. Å hjelpe folk i naud freista. Men det var vanskeleg å danne seg eit bilete av kva som venta før han reiste ut.
– Eg prøvde å førebu meg på det verste.
- Les også:
– Vanskeleg å fatte
Så langt i 2016 har styrken om bord på Siem Pilot redda 16.047 personar. Sidan 2015 har meir enn éin million menneske flykta til Europa over Middelhavet. I løpet av den tida har operasjon Triton redda 28.598 menneske.
Langt ifrå alle kjem seg over i live. Så langt i år har 4.518 menneske mista livet på flukt over Middelhavet.
– Det er vanskeleg å fatte at nokon tek denne risikoen. Men det er folk i naud, og vi var der for å hjelpe.
Etter slike oppdrag som det i august, blei det viktig med debrifing. Mannskapet snakka om det dei hadde vore med på. Det som gjekk bra, og det som ikkje gjekk bra.
– Samhaldet har vore enormt viktig. Det var vore mykje vanskeleg, men det har vore veldig mykje glede og.
Tilbake i Norge er det flest gode minner han sit att med.
– Det å vere med å bidra og gjere ein skilnad har betydd mykje. Det er ingen tvil om at jobben vi har gjort har vore viktig. Det viser tilbakemeldingane frå italienske styresmakter.
- Les også:
– Barn gjer størst inntrykk
Å redde barn i naud er det som har gjort aller sterkast inntrykk på Sande.
– Det var mellom anna ein gut som kom i båt utan familien sin. Foreldra hadde sendt guten frå seg med ein framand familie.
Sande gav den vesle guten lua si for at han skulle ha noko å leike med.
– Den sat han lenge med før han fekk den på hovudet. Han krabba blid og nøgd rundt på dekk. Slike ting hugsar ein.
Klagar mindre
Om han skal tilbake til Middelhavet, veit han ikkje enno. Men etter eitt år til og frå oppdraget, har det blitt mange turar i fjellet etter at han kom heim.
– Eg tenkjer mykje over det eg har opplevd, difor går eg på tur. Eg er mykje ute i frisk luft for å klarne tankane.
Han seier han har blitt flinkare til å setje pris på ting etter at han kom heim frå oppdraget.
– Kontrastane er store. Ein tenkjer over ein del ting ein ikkje gjorde før. Å sete seg til middagsbordet, eller å gå ute med dei kleda som trengst. No tenkjer eg over kor godt eg har det.
– Det er tilfeldig kor ein hamnar. Eg føler eg har hatt flaks.