Hopp til innhold

– Bra kamp, men bittert å miste alle poenga

(ÅSANE – FØRDE 2-1): Trass tap for Førde i seriestarten, seier trenar Knut Erik Folland at dei spelte ein god bortekamp i dag.

Åsane - Førde

HADDE STOR MOGLEGHEIT: Øystein Myrkaskog fekk ein stor sjanse og kunne sikra Førde eitt poeng, men dei måtte reise poenglause frå årets første seriekamp mot Åsane i Bergen.

Foto: Erik Madsen/Åsane Tidende

– Vi hadde god kontroll i første omgang og endå betre i andre. Difor var det litt bittert å miste alle poenga i dag når vi gjorde ein god kamp, seier Førde-trenar Knut Erik Folland.

Ved pause var stillinga 0–0. Første målet kom i det 70. minutt då Åsane skåra. Førde utlikna like etter då 16-åringen Daniel Kvalvågnes som nettopp hadde blitt sett inn på bana, skåra for sunnfjordingane. Men etter kort tid putta Åsane nok ein ball i buret.

– Sett frå side var det to ruskemål. Det var små feil frå vår side som gjorde at dei klarte skåra. Vi hadde både banespel og nok sjansar til å kontrollere, seier han.

Men sjølv med tap i dag under årets første seriekamp i 2. divisjon, er Folland optimist og seier det han har sett i dag lovar godt framover.

–Det var ein jamn kamp og vi var gode defensivt. Det var mange som gjorde ein god innsats, seier trenaren.

Torsdag skal Førde til Florø for å spele cupkamp og til helga blir det seriekamp mot Grorud på heimebane.

Åsane - Førde

UTAN POENG: Det blei tap for Førde mot Åsane i seriestarten 2. påskedag.

Foto: Erik Madsen/Åsande Tidende