Hopp til innhold

– Det trefte ein nerve i folk, seier ordføraren

Nær 1000 personar har delt Eid-ordførar Alfred Bjørlo sitt innlegg om utflytting av statlege arbeidsplassar.

Alfred Bjørlo

SKAKA OVER KOMMENTARAR: – Når nokon argumenterer med at det vil gå ut over dei fattige i Afrika om Fredskorpset sitt kontor blir flytta frå Oslo til Førde, då er vi på eit nivå der nokon må seie frå, seier Alfred Bjørlo om innlegget.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det som er interessant er at den har treft folk over heile landet, sjølv om teksten i grunn handlar om Nordfjord og Sogn og Fjordane, seier Alfred Bjørlo.

Torsdag kveld la Eid-ordføraren ut eit innlegg på Facebook som sidan har spreidd seg som eld i tørt gras. Over 1000 personar har delt innlegget og det nærmar seg 3000 som har likt det. I innlegget rettar han krass kritikk mot Robert Steen, byråd for finans i Oslo.

Men prøv å skjerpe deg ørlite grann. Det finst ei verd utanfor Oslo. Det finst ei verd til og med i Sogn og Fjordane. Med blømande lokalsamfunn. Med kompetanse. Med privat næringsliv. Med akademia. Men som har måtta sjå på i år etter år at statlege kompetansearbeidsplassar blir bygd ned og forsvinn. Til Oslo. I tusental.

Alfred Bjørlo

Bakgrunnen for utblåsinga frå Bjørlo er at Steen torsdag morgon sa dette til NRK:

"Årsaka til at vi har ein del offentlege arbeidsplassar i Oslo, handlar om at Oslo er eit kompetanse-sentrum. Der vi i Oslo kan trekke på akademia og næringsliv i privat sektor i stor utstrekning, er dette vanskelegare i ein del andre delar av landet, som til dømes Sogn og Fjordane".

- Eg irriterte meg over det heile dagen. Gjekk og tenkte på det. Det var oppdemt irritasjon som plutseleg vart tatt ut, fortel han.

At reaksjonane strøymer inn tolkar han som eit teikn på at folk er leie av å bli sett på som mindreverdige når det kjem til kompetanse.

– At det er eit problem for Noreg om noko ikkje er i Oslo.

Steen rosar Sogn og Fjordane

Fleire medium har plukka opp teksten og hovudpersonen sjølv er ein av dei som har svart på innlegget.

Eg trur Oslo vil vere ein utmerka by å bu i uansett om det er 45.000 eller 46.000 statlege arbeidsplassar der. Men det kan betyr ein enorm skilnad for Eid om her er 60 eller 100.

Alfred Bjørlo

I svaret held Steen fram at han er sikker på at det også finst gode kompetansemiljø i Sogn og Fjordane. Samstundes ber han Bjørlo om hjelp til å finne gode døme på offentlege arbeidsplassar som har blitt flytta frå andre stadar i landet til Oslo.

– Eg har også sett på statistikk i dag, og ser at 26 prosent av arbeidsplassane i Oslo er i offentleg sektor, mens tilsvarande tal for Sogn og Fjordane er 36,6 prosent, skriv Steen i innlegget.

Robert Steen

KJEM TIL EID: Robert Steen har takka ja til Alfred Bjørlo sin invitasjon om å ta turen til Malakoff-festivalen til sommaren.

Foto: Olav Juven / NRK

Der meiner Bjørlo at Arbeidarpartipolitikarane er på gyngande grunn.

– Då blandar han hummar og kanari. Det handlar om at ein må gje tenester i grisgrendte strøk og andre faktorar spelar inn.

Steen peikar i sitt svar på at ein må syne omsorg for dei personane som faktisk blir råka av ei eventuell utflytting, og det er Bjørlo samd i.

– Vi skal ha respekt for dei det gjeld, men vi må hugse perspektivet. Nyleg forsvann ti statlege stillingar i Florø. Det svarar til nøyaktig 620 stillingar i Oslo, om ein ser på folketalet. I Florø er det færre alternative stillingar å velje på for dei som blir råka. Oslo skal vere eit viktig senter, men skal det vere 46 000 eller 47 000 statlege arbeidsplassar i der?