Hopp til innhold

– Det ser ganske fælt ut, dei har rasert den gamle stølsvegen

På Høyangerfjellet held Statkraft på med eit linjeprosjekt. Til dette nyttar dei store anleggsmaskiner og har greve opptil to meter nedi terrenget for å få frakta inn utstyret.

Høyangerfjellet

SÅR I NATUREN: – For å skifte stolpar på ei kraftlinje frå Fossvatn i retning Høyanger, har store maskiner greve opptil to meter ned i terrenget for å få frakta inn utstyr, fortel Otto Hjetland.

Foto: Ottar Hjetland / Privat

– For meg som er vaksen opp med stølsdrift og brukar Høyangerfjellet mykje, så er dette eit forferdeleg trist syn, fortel Ottar Hjetland.

Han fortel at det ser ganske fælt ut.

Dei har greve seg gjennom myra og rasert den gamle stølsvegen frå Høyanger til Monsdalen.

Han fortel at gardane Øren og Sæbø i Høyanger hadde stølsdrift på fjellet fram til 20-talet. No er området mykje brukt av folk som går fjellturar, fisketurar eller plukkar bær.

30. juni i år lova Statkraft å rydde opp etter seg i eit intervju med lokalavisa Ytre Sogn Avis.

Høyangerfjellet

SPOR I NATUREN: Maskinene har laga spor i terrenget.

Foto: Ottar Hjetland / Privat

– Dei er i ferd med å skifte stolpar på ei kraftlinje frå Fossvatn mot Høyanger. For å få til dette har dei teke inn store maskiner og greve opptil to meter nedi terrenget for å få frakta inn utstyret, seier Hjetland.

For dei som er lokalkjende er dette på nordsida av Vassdalsvatnet, i retning mot Monsdalen i Høyangerfjellet.

– Eg har ikkje noko imot anleggsdrift eller utbygging, vi har behov for kraft, men dei kan gå fram med litt meir profesjonalitet, varsemd og respekt, seier Hjetland.

Kan vere ei misforståing

– Opprydding er sjølvsagt ein del av prosjektet. Det skal ikkje vere nokre andre spor etter oss enn linja når vi er ferdige, seier Ole Schanke Eikum.

Ole Schanke Eikum

MISFORSTÅING: – Eg trur dette er ei misforståing. Vi har ikkje maskiner i området akkurat no, men skal tilbake. Derfor har vi ikkje rydda opp enda, fortel Ole Schanke Eikum, teknisk sjef i Statkraft Energi AS, Region Midt Norge.

– Vi har eit linjeprosjekt på gang i området. Delar av linja skal leggast i kabel, og der vil det ikkje bli nokre spor etter oss. På den første delen, forbi Vassdalsvatn og Mørktjøna, vil det bli ei ny luftlinje.

Han trur det heile kan vere ei misforståing, då dei ikkje har nokre maskiner i området kvar Hjetland har teke bileta akkurat no. Dei har lova å rydde opp etter seg, og har ikkje tenkt å bryte løftet.

– Eg trur det kan vere ei misforståing. Vi har ikkje anleggsarbeid på den strekninga for tida, men er ikkje ferdige. Eg skjønar det kan sjå litt rart ut, då der ikkje er nokon form for aktivitet. Vi arbeidar i eit anna område, men skal tilbake.

– Det må bli nokre spor etter oss medan vi held på, men vi vil rydde opp og vere så forsiktige vi berre kan.

Høyangerfjellet

TILBAKE TIL DET GAMLE: Statskraft håpar dei er ferdige med prosjektet før vinteren. Etter det vil folk kunne gå i naturen som vanleg.

Foto: Ottar Hjetland / Privat