NRK Meny
Normal

– Det såg veldig ille ut, men no er vi letta

Brannen i Handelshuset i Førde kunne gått langt verre, fortel senterleiar Mariann Njøsen. No startar arbeidet med å finne årsaka.

Brann Handelshuset utan ring

BRANN PÅ TAKET: Det mest av skader etter brannen er på taket på Handelshuset.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Det har ikkje brent noko innvendig. Ein del av butikkane har fått litt vatn inn, men vi veit enno ikkje kor mykje det er snakk om, seier ein letta Njøsen.

For det såg svært dramatisk ut då flammehavet stod opp frå taket på Handelshuset laurdag kveld. Brannvesenet fekk melding om brannen i 19-tida laurdag kveld. Etter ein knapp time var brannen sløkt. Senteret vil etter planen ha normale opningstider måndag, men det er litt usikkerheit knytt til dei få butikkane som har fått vatn inn.

– Nesten ingen synlege skader inne

Mariann Njøsen

LETTA: Senterleiar Mariann Njøsen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Det er førebels usikkert kor brannen starta. Kriminalteknikarar frå politiet skal granske åstaden i dag. Njøsen har sjølv vore på taket, men vil ikkje seie noko om korleis det såg ut før politiet har gjort sine undersøkingar.

– Men slik eg ser det er det i alle fall ingen synlege skader inne bortsett frå litt vatn i nokre butikkar. Det luktar ikkje røyk her, seier ho.

Peppes Pizza og Bambus kinarestaurant får halde ope søndag, men resten av bygget er stengt fram til politiet har frigjeve det. Senterleiaren og dei andre tilsette i administrasjonen er dei einaste som har fått kome inn i den brannutsette delen av bygget.

Etter eit langt døgn utan søvn er Njøsen letta over at det ikkje gjekk verre.

– Det såg skikkeleg ille ut då eg kom dit i går kveld medan det brann. No er eg veldig takksam for at det gjekk så bra som det gjekk. Alt gjekk bra med dei som var som i bygget, og det er det viktigaste, seier ho.

brann handelshuset

ETTERFORSKAR: Politiet er no i gang med åstadsundersøkingane sine på Handelshuset.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Rosar dei tilsette for rask evakuering

Njøsen rosar dei tilsette ved Spar, Peppes Pizza og Bambus kinarestaurant for å ha fått kundane ut raskt.

– Dei veit kva dei skal gjere. Dei var kjempeflinke.

Sjølv har Njøsen og resten av administrasjonen fått lite søvn denne natta.

– Vi har heldigvis eit godt apparat rundt oss i Amfi som har vore til veldig god hjelp. No må vi berre vente på at politiet skal bli ferdig med sine undersøkingar så vi kan få folk inn for å sjå på det.

Ho kan enno ikkje seie kva butikkar som har fått vatn inn, men at det etter hennar syn er ingenting frå brannen som vil øydelegge julehandelen.

– Vi får henge opp nokre julegreiner rundt listene, seier ho.

Flammane stod opp frå taket.

DRAMATISK: Laurdag kveld såg det ut til at flammane hadde gjort meir skade enn dei faktisk har. Foto: Alf Vidar Snæland. Redigering: Snæland.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.