Hopp til innhold

– Det nyttar å kjempe for skulen

– Det nyttar å vise at vi vil kjempe for skulen. Det meiner Frøydis Folkestad som laurdag arrangerte folkemøte for å behalde den vidaregåande skulen i Dale.

Kjempar for å behalde Dale VGS

KJEMPAR FOR SKULEN: Laurdag var det folkemøte på Våge skule i Ytre Fjaler. Initiativtakarane vil vise at mange vil vere med å kjempe for å behalde den vidaregåande skulen i Dale.

Foto: Montasje: Privat/NRK

Folkestad er med i FAU ved Våge barne- og ungdomsskule i Ytre Fjaler. Barna som går her kan miste den næraste vidaregåande skulen sin, for Dale vidaregåande skule er i faresone når politikarane no må kutte.

– Det er så mykje bra som skjer her ute no, dei kan ikkje leggje ned skulen, er bøna frå Folkestad.

Fleire skular står i faresona

Rundt om kring i heile fylket rustar no folk seg til kamp for dei vidaregåande skulane. Politikarane står framfor ei vanskeleg oppgåve. Dei får mindre pengar til den vidaregåande skulen og må no bestemme seg for korleis skulestrukturen skal vere i framtida.

Medan det i dag er 13 vidaregåande skular i Sogn og Fjordane, kan det i framtida bli langt færre. Blant skulane som står i faresona er Dale vidaregåande.

– Det er ganske brutalt

Over 100 personar møtte opp på folkemøtet på Våge skule laurdag. Frå talarstolen vart det heldt fleire appellar, mellom anna ved Stein Arne Ottesen i Lutelandet utvikling og Inger Osland ved Haugland Rehabiliteringssenter.

Felles for alle er at dei ønskjer å behalde den einaste vidaregåande skulen som er i HAFS-regionen. Frøydis Folkestad vil ikkje gje seg utan kamp.

– Utan ein vidaregåande skule i HAFS-regionen må alle ungdomane her på hybel. Det er ganske brutalt, seier ho.

Folkestad jobbar sjølv som lærar og veit at ikkje alle ungdomar er klare for å flytte heimafrå når dei er 15–16 år.

– Er ein ikkje klar for det, så aukar fråfallet, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hendene til alle barnehageungane i Fjaler

LANG LANG REKKE: Alle barnehageungane i Fjaler har vore med på å lage ein lang rull med handavtrykk. Denne er overrekt Fjaler-ordførar Arve Helle.

Foto: Frøydis Folkestad

Fryktar fråflytting

Men ho fryktar også at skulenedlegging skal føre til fråflytting frå området. Når elevane må vekk for å gå på skule i ungdomstida, er det slett ikkje sikkert dei vil tilbake etter at dei er ferdig utdanna.

– Mister vi den næraste skulen vil alle ungdomane våre reise vekk frå dei er 15–16 til nesten 20 år. Det er i den tida dei knyter sterke band til heimstaden, og viss ein vil dei skal kome tilbake etter at dei har studert, så er det viktig at dei får knyte band til heimplassen i ungdomstida.

Ho meiner vidare at det er mykje spennande som skjer i området no, utbygginga av Lutelandet og bygginga av Dalsfjordsambandet for å nemne noko.

– Det er merkeleg at ein skal byggje opp med eine handa, og rive vekk med den andre, seier ho.

Symbolsk gåve

Barnehageungane i Fjaler fekk også vere med på folkemøte. I tillegg til song hadde dei laga til ein lang rull med handavtrykk.

Denne er overrekt til Fjaler-ordførar Arve Helle som skal få vise den fram til både kommunepolitikarar og fylkespolitikarar.

– Det er 155 barnehageungar i Fjaler no, og det er ikkje berre statistikk. Det er ungar, og det er grunnlag for vidare skuledrift her, seier Folkestad.

Men nyttar det at innbyggjarar rundt om kring i fylket protesterer mot kuttforslaga? Folkestader meiner det gjer det.

– Eg trur det nyttar at vi samlar oss slik. Hadde vi berre sett oss ned og sagt at ja ja, vi mister skulen, så hadde nok vore veldig enkelt å leggje ned.

– Så ja, eg trur det hjelper. Det er iallfall betre enn å ikkje gjere noko.