Hopp til innhold

Etter 20 år spelar Signe ballen over til sonen

FØRDE (NRK): I 20 år har ho laga det som er kåra til dei beste raspekakene i landet. No har ho bestemt seg for at sonen skal få ta over leiinga av bedrifta.

Glenn Nydal Eliassen og Signe Nydal

HANDLAG: Glenn Nydal Eliassen og Signe Nydal lagar alle raspekakene for hand.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

– Røra er utvikla gjennom mange år, og oppskrifta er ei bedriftshemmelegheit, seier Signe Nydal.

Ho har drive bedrifta Signes Raspekaker i Førde dei siste 20 åra. I dag har ho 6 tilsette som lagar alle raspekakene for hand. I år kjem dei til å lage nærare 130 tonn. Og dei leverer over eit stadig større område.

– Dei må ikkje bli for lause, og ikkje for faste. Men vi har ein fast prosess på korleis vi lagar røra, og det har gått veldig fint, seier Nydal.

Raspeball in the making

SJÅ VIDEO: Her kan du sjå korleis det går når reporter Stian Sjursen Takle prøvar å lære å lage raspekaker frå meistrane i Signes raspekaker.

Skummelt å ta over

Frå nyttår skal Signe gi frå seg ansvaret for å drive bedrifta til sonen, Glenn Nydal Eliassen.

– Dette arbeidsstykket gir eg ikkje til kven som helst. Han har vore her sidan han var liten og kjenner bedrifta godt. Derfor er det heilt naturleg at Glenn tar over, seier Signe.

Men arvtakar Glenn synest ikkje det er berre lett å skulle ta over bedrifta som mora har starta og drive i alle desse åra.

– Det er litt skummelt å ta over bedrifta som mor mi har skapt, men eg har gode folk rundt meg og har trua på at det skal gå bra, seier Eliassen.

Han har alt byrja å sette sitt preg på bedrifta.

– Lenge var det meg og fire kvinnfolk her. På eit tidspunkt sette eg ned foten og sa at eg ville ha litt fleire menn i bedrifta. No er vi tidvis fleire menn enn kvinner på jobb, seier ein smilande raspekakemeister.

Raspeball

STORE MENGDER: I år produserer den vesle bedrifta 130 tonn raspekaker.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Travle tider

Og den som trur at raspkakene har lågsesong no i jula må tru om igjen.

– Vi har laga snart 500 kilo med raspekaker i dag. Vi held og på med ei 60- kilos suppe og skal levere 100 kilo med potet, så jobbar vi godt på no, seier Eliassen.

Og sjølv om Glenn tar over drifta så betyr ikkje det at Signe skal slutte. Ho skal trappe ned, også vil ho ha meir tid til å reise rundt og treffe kundar. Og ho har klare målsetjingar.

– Vi skal fortsette med å lage kakene for hand. Også vil vi nå ut til fleire kundar rundt omkring i landet, seier ei ivrig Signe Nydal.