Hopp til innhold

– Det må vere sikkert før eg spretter champagnen

FØRDE (NRK): Frida Melvær vart møtt av jubel då ho litt før klokka 23 i kveld kom til valvaken i Førde. Sjølv om nesten 90 prosent av stemmene er talde opp, kjenner ho seg ikkje sikker.

Frida Melvær på valvaken

GLEDESSCENER: Frida Melvær (til høgre) vart møtt av oppglødde partifellar då ho kom til valvaken i Førde. Her saman med Lise-May Sæle frå Unge Høgre i Sogn og Fjordane.

Val

– Eg er ingen beskjeden sunnfjording, men eg prøver å halde litt att. Det må vere sikkert før eg spretter champagnen, seier Askvoll-ordføraren som likevel er tydeleg smørblid i intervjuet med NRK.

– Det bikkar fram og tilbake

Ho kom seint fram til valvaken med resten av toppkandidatane frå fylket i Førde. Etter at vallokala stengde i heimkommunen Askvoll har Melvær gjort pliktene som ordførar i arbeidet med oppteljinga av stemmene.

Då ho entra lokala i Førde hadde ho ikkje fått med seg detaljane frå oppteljingane på landsplan, men hadde fått med seg at Høgre og FrP-regjeringa ser ut til å halde på makta.

– Eg håpar så grådig at det held heilt inn. Det er små marginar, det bikkar fram og tilbake, men eg håpar vi klarar å halde stand, seier ho til NRK.

Steinar Ness og Hilmar Høl
Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Sterk framgang i heimkommunen

Like før klokka 23 er over 90 prosent av stemmene i Sogn og Fjordane talde opp. Høgre har gått tilbake med minimale 0,4 prosentpoeng i fylket og ligg på 18,7 prosent oppslutnad. Med det ligg Frida Melvær inne med det tredje stortingsmandatet.

I heimkommunen Askvoll gjer Høgre eit solid val, med 8 prosentpoeng framgang. Med 27,2 prosent av stemmene er regjeringspartiet likevel mindre enn Senterpartiet som endar på 32,4 prosent av stemmene.

Melvær er svært godt nøgd med den sterke veksten for eige parti.

– Vi har gått utruleg fram i forhold til tidlegare, så eg er takksam.

– Dersom dette skulle halde heilt inn, korleis vil du setje preg med din plass på stortinget?

– Det er høgrestemmer eg har fått, og dei skal eg ta godt vare på, er det kontante svaret frå toppkandidaten.

Mandatfordeling i Sogn og Fjordane

Antall mandater med endring fra stortingsvalget i 2013

RESULTAT100 % opptaltOppdatert 06.10.2017, kl. 13:04

Rødt

0 mandater
Ingen endring siden 2013

Sosialistisk Venstreparti

0 mandater
Ingen endring siden 2013

Arbeiderpartiet

1 mandater
Ingen endring siden 2013

Senterpartiet

1 mandater
Ingen endring siden 2013

Miljøpartiet De Grønne

0 mandater
Ingen endring siden 2013

Kristelig Folkeparti

1 mandater
1 opp fra 2013

Venstre

0 mandater
1 ned fra 2013

Høyre

1 mandater
Ingen endring siden 2013

Fremskrittspartiet

0 mandater
Ingen endring siden 2013

Partioppslutning i Sogn og Fjordane

Med endring i prosentpoeng fra stortingsvalget 2013

RESULTAT100 % opptaltOppdatert 06.10.2017, kl. 13:04

RRødt

1,3
+0,6

SVSosialistisk Venstreparti

4,5
+1,1

APArbeiderpartiet

24,6
−3,5

SPSenterpartiet

29,7
+9,1

MDGMiljøpartiet De Grønne

2,3
+0,6

KRFKristelig Folkeparti

4,3
−3,8

VVenstre

4,1
−2,3

HHøyre

18,6
−0,4

FRPFremskrittspartiet

9,9
−0,9

ANDREAndre

0,8
−0,1