NRK Meny
Normal

– Det kunne ha fått fatale konsekvensar

Vogntoget var berre eitt år gammalt, men likevel var boltane som heldt den 20 tonn tunge tilhengaren laus. Sjåføren fekk bruksforbod og takka kontrolløren.

LAUST: Dette var synet som møtte kontrollørane då dei såg nærare på festet til tilhengare.

– Når den heng slik er det ikkje mange slag som skal til før at det ryk. Om hengaren hadde losna kunne det ha fått fatale konsekvensar. Den kunne treft møtande trafikk, seier Svein Arne Henjesand i Statens vegvesen.

Det var under ein kontroll av tunge køyretøy på Nordfjordeid i Sogn og Fjordane at vogntoget vart stoppa.

På den sju timar lange kontrollen vart 16 køyretøy kontrollert og to av dei fekk bruksforbod grunna alvorlege manglar.

Fekk takk

Det eine vogntoget som fekk bruksforbod var norsk og var lasta med 20 tonn med matvarer på hengaren.

– Då vi tok vogntoget inn på vekta såg vi at det at festet til tilhengaren som sit på ein bjelke bak på lastebilen rørte på seg. Då vi sjekka nærare såg vi at heile festet var laust, seier Henjesand.

Det enda med bruksforbod for sjåføren, som ikkje var klar over feilen.

– Han vart først veldig overraska over feilen, og så vart han utruleg glad for at han vart stoppa. Han tok meg i handa og takka for at vi hadde sett det. Det hadde han ikkje sjølv, seier Henjesand.

Det er andre gong på to veker at ein inspektør frå Statens vegvesen fortel om jublande sjåførar som har fått påpeikt manglar i kontroll. Det same skjedde i Førde førre veke.

Kunne ha mista styringa

Men det var ikkje det einaste vogntoget som hadde feil som kunne sett andre sitt liv i fare. Eit utanlandsk vogntog hadde store feil på delar av styringa.

– Styrekula på bilen var laus og kunne ha dette av. Hadde det skjedd ville sjåføren ha mista kontrollen og i verste fall kunne han gått rett i ein møtande bil, seier Henjesand.

– Er det ofte ein finn så store manglar?

– Vi finn ofte feil og manglar, men to så graverande og alvorlege feil i same kontroll er sjeldan, svarar han.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote