Hopp til innhold

Får ros for å ha stoppa lyngbrannen i Solund

– Dei har gjort ein kjempejobb. Dette er tenestepliktite som er beordra ut. Med ein gong det er alvor, brettar dei opp ermane og gjer ein kjempejobb.

Axel Fjeld og Anita Friestad frå personellavdeling 07 i Bergen.

FÅR ROS: Axel Fjeld og Anita Friestad frå personellavdeling 07 i Bergen var to av 30 personar frå Sivilforsvaret som kjempa ein hard kamp mot flammane natt til tysdag.

Foto: Sivilforsvaret

Rosen kjem Anne-Margrete Bollmann som er sjefen til mannskapa som i går kveld og natta kjempa febrilsk mot flammane i ytre Solund.

Mannskap frå Sivilforsvaret driv no ettersløkking ved Trovåg i Solund. Sjølv om mannskapa har fått kontroll over den store lyngbrannen, fryktar dei at han kan blusse opp att.

– Det er ingen synlege flammar i området. Vi har kontroll, men vi torer ikkje seie at brannen er sløkt. Det kan blåse opp att og då skal det ikkje så mange glør til før den kan blusse opp att. Vi må halde vakt og gå i terrenget i fleire dagar for å ta glør som dukkar opp, seier vaktkommandør ved 110-sentralen i Hordaland, Ronald Drotningsvik, til NRK litt over klokka halv åtte tysdag morgon.

Lyngbrann i Solund.

NYE MANNSKAP: Sivilforsvaret sende ut nytt og utkvilt mannskap med båt frå Nåra i ytre Solund.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Lyngbrannen har herja over eit stort område, som ifølgje Drotningsvik er ein kilometer breitt og 300–400 meter langt. Like før klokka 23 måndag vart det bestemt at alle dei evakuerte skulle få reise heim att. Kring 20 personar i Trovåg og Kverhella sør for fylkesvegen var evakuerte.

Kjenner ikkje årsaka

Helikoptera som raskt var på plass og pøsa vatn over flammane stoppa effektivt flammane å spreie seg etter nokre timar og tusen liter med vatn. Ved midnatt gav innsatsen resultat og mannskapa kunne konstatere at flammane var temma.

Lyngbrann i Solund.

STORBRANN: Kraftig nordavind gjorde sløkkearbeidet vanskeleg.

Foto: Sivilforsvaret

Politiet opplyser at dei førebels ikkje kjenner årsaka til brannen. Dei jobbar no med å finne ut av det. Blant anna vil dei avhøyre vitne til brannen, opplyser politioverbetjent Ivar Holmaas i ved Gulen, Masfjorden og Solund lensmannskontor.

– Fysisk krevjande

Natt til tysdag deltok 30 personar frå Sivilforsvaret i Hordaland i sløkkingsarbeidet. Desse vert no bytte ut med utkvilt mannskap frå Hordaland og Sogn og Fjordane klokka 10. Dei vil halde fram med ein mannskapsstyrke på 20 personar utover dagen.

Anne-Margrete Bollmann i Hordnesskogens venner

ROSAR MANNSKAPA SINE: Anne-Margrete Bollmann er distriktssjef i Sivilforsvaret.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

– Det har vore veldig fysisk krevjande. Det er ulendt terreng og lange avstandar. Det var eit stort område som brann, så dei har gått mykje og drege slangar og anna materiell. Dei har brukt natta til å dynke dei områda der helikoptera klarte å sløkke brannen i går kveld, fortel Bollmann, som er distriktssjef for Sivilforsvaret i Hordaland.

Laga branngate

– Eg snakka med leiaren min for 10 minuttar sidan og då hadde det roa seg endå meir. Då var det berre røyk igjen og enkelte stader med glør. Men dei har dynka godt i natt og fått laga seg ei branngate, sa Bollmann til NRK rundt klokka 07.30 tysdag morgon.

Lyngbrann i Solund.

KLARE FOR INNSATS: 30 personar frå Sivilforsvaret bidrog under sløkkinga natt til tysdag.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Sjølv om brannmannskapa fekk kontroll over brannen alt ved midnatt, kan ettersløkkinga ta lang tid.

– Vi vil vere her så lenge som vi ser det er fare for at brannen kan blusse opp att. Vi har erfart tidlegare at etter at vi har trekt oss tilbake, så har brannen blussa opp att fordi det har lege glør i bakken, forklarar Bollmann.

Brann Solund