Hopp til innhold

– Det kan bli vondt å vakne opp 3. november

SOGNDAL (NRK): KrF sin opne debatt om retningsval har synleggjort eit djupt splitta parti. No er fleire på grasrota bekymra for kva spliden vil gjere med partiet.

Gunnar Stundal

RAUD: Leiar i Sogndal KrF Gunnar Stundal støttar Hareide si linje, og vil gå i regjering med Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Han er uroa for det framtidige klimaet i partiet etter at dei har valt retning på landsmøtet 2. november.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Eg er bekymra for korleis dette skal gå. Det har synt seg at det er veldig store avstandar mellom folk i partiet, og er litt redd for at det ikkje er noko veg tilbake no, seier Gunnar Stundal, leiar i Sogndal KrF.

Han er blant dei som støttar Knut Arild Hareide i at KrF bør i regjeringsforhandlingar med Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

Den 2. november skal Kristeleg Folkeparti halde eit ekstraordinært landsmøte der dei skal bestemme seg for kven dei skal gå i regjering med. Før den tid har fleire hundre lokallag rundt om i landet haldt årsmøte for å ta stilling til saka som kan avgjere kven som er statsminister i Noreg neste år.

Debatten har gått fritt i det offentlege, med presse til stades på mange av møta.

– Det er bra, men vi er fleire som no er uroa for korleis livet etter dette møtet vil bli. Det kan bli vondt å vakne 3. november, det vil i alle fall vere eit anna parti enn i dag vi vaknar til, trur Stundal.

Åtvarar mot å sende samla lag

Omsynet til stemninga i partiet gjer at lokallagsleiaren har tvilt seg fram til Sogn og Fjordane KrF ikkje bør sende berre Ap-venlege delegatar til landsmøtet. Sjølv om det er eit klart raudt fleirtal i fylkeslaget.

Altså ikkje gjere slik Rogaland KrF gjorde.

– Eg veit at den haldninga kan gjere at vi tapar, men om vi ikkje gjer dette riktig, så risikerer vi å sitje att med eit miniparti.

Leiar Irene Barmen Hoel i Jølster KrF står på motsett side i partiet. Ho kallar seg «blå», og vil gjerne gå i regjering med Høgre og Frp.

Også ho trur at partiet er forandra uansett kva retning det går i 2. november.

– Eg er nok litt overraska over å finne ut kor stor avstand det faktisk er mellom folk i partiet, seier ho.

Vebjørn Selbekk

GIFTIG: Vebjørn Selbekk tykkjer stemninga i KrF nett no er giftig.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– KrF har vore ein trykkokar som no held på å eksplodere

Redaktør i den kristne avisa Dagen Vebjørn Selbekk seier at han er overraska over den djupe splittinga i KrF.

– Det har på kort tid gått ifrå ei god stemning til ei ganske giftig stemning i KrF. Eg trur problemet er at partiet har lagt lokk på dette retningsvalet i for lang tid, og no er det som ein trykkokar som held på å eksplodere.

Selbekk meiner at ein må fleire tiår tilbake i tid for å finne ei like djup splitting i KrF.

– KrF har framleis andakt på møta sine, men no ser vi at partiet ikkje er ein søndagsskule. No ser vi ein ganske intens maktkamp, som vi tidlegare berre har sett i andre parti.

Redaktøren tenkjer mellom anna på skuldingane som no kjem mellom partifellar.