NRK Meny
Normal

Meiner det hastar med satsing på ladestasjonar: – Elbil er ingen motehype

Hordaland satsar fem millionar på 144 ladestasjonar for elbilar. I Sogn og Fjordane er det brukt 750 000 på åtte ladestasjonar på to år.

elbil

DET HASTAR: Alfred Bjørlo meiner farten må opp på elbil-satsinga i fylket, for å ikkje verte hengande bak.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Det er ikkje satsa nok på ladestasjonar, vedgår Alfred Bjørlo i Venstre. Han vil no sjå på klimaløyvingane.

– Vi må få opp farten i satsinga på elbilar i Sogn og Fjordane for å ikkje bli hengande bak.

– Det hastar

Av fire millionar klimakroner fylkeskommunen har fordelt på klimatiltak dei siste to åra, er 750 000 kroner brukt på ladestasjonar til elbilar. Det har til saman gjeve åtte ladestasjonar til no, plassert langs E39. I tillegg er det sett av pengar til ein ladestasjon i Aurland som enno ikkje er bygd.

Fylkeskommunen gjev 100 000 kroner i tilskot til dei som ønskjer å bygge ladestasjonar. I dag finst ladestasjonar i Stryn, Sogndal, Lærdal, Førde, Vassenden, Skei, Eid og Florø. Og i dag opnar ein ladestasjon på Sandane.

Alfred Bjørlo i Venstre meiner fylket ikkje lenger kan vente med å investere meir.

– Det hastar. Ein del har sete for lenge på sidelina og trudd at elbil er ein motehype som kjem til å gå over. Det er det ikkje. Elbilen teknologien kjem for fullt, og kjem til å kome sterkare. Det må vi også leggje til rette for, seier Bjørlo.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ny ladestasjon på Jølstraholmen

VIL HA MEIR: Alfred Bjørlo meiner det hastar med satsinga på elbilar i Sogn og Fjordane. På biletet er Kristine Hjelmbrekke ved den nye hurtigladestasjonen på Jølstraholmen.

Foto: Elgrim Fossheim / NRK

Kunne brukt meir

Hordaland fylkeskommune lover no fem millionar kroner til det som skal bli 144 ladestasjonar.

Sjef for plan og samfunn i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Svein Arne Skuggen Hoff, meiner det er naturleg at Hordaland satsar friske midlar på å få ned klimagassutsleppa frå bilar gjennom satsing på elbilar. Bergen har slite med dårleg luft fleire vintrar på rad.

Hoff seier fylkeskommunen kunne brukt meir pengar på klimagassførebyggande tiltak. At ladestasjonane ligg sentralt plassert langs E39 i fylket vårt er ei heilt bevisst satsing.

– Det er fordi vi ønsker å bidra til ei felles satsing saman med Hordaland, Rogaland og MR på å kunne bruke elbil langs E39 frå Stavanger til Trondheim. Det er ein eigen strategi som er lagt for det, seier Hoff.

– Kjem ikkje til å hente pengar frå andre budsjett

Ordførar Alfred Bjørlo (V) framfor Yris Hotel i Eid.

INGEN MOTEHYPE: Alfred Bjørlo meiner mange ikkje har skjøna at elbilar og elbil-teknologi har kome for fullt.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK
Frank Willy Djuvik

EINIG, MEN: Frank Willy Djuvik er samd i at pengane på elbilar kanskje må nyttast annleis, for å betre satsinga på elbilar. Men han vil ikkje ta pengar frå andre budsjett.

Foto: Benedicte Hole / NRK

Frank Willy Djuvik frå Framstegspartiet vil også sjå om fleire av klimakronene fylkeskommunen tek imot kan brukast annleis enn i dag.

– Vi som politikarar må sjå på korleis vi brukar dei pengane og korleis vi legg til rette for elbilar. Kanskje skal vi bruke ein større del av midlane til tilrettelegging.

– Men kvifor har ikkje dette skjedd før? Det ikkje noko nyheit at elbilar treng ladestasjonar?

Vi har etablert nokre ladepunkt i fylket. Vi har også fått på plass hurtigladarar som no vert etablerte rundt omkring. Men dette er på langt nær nok dersom vi vil ha stor vekst i bruken av elbilar i Sogn og Fjordane.

– Vi kan ikkje tilby eit støpsel utanfor ein butikk og tru at folk då vel elbilar. Det er eit ansvar for fylket, og det er også eit ansvar for kommunane.

Men Djuvik vil ikkje hente pengar frå andre budsjett for å få fortgang på satsinga.

Nei, det kjem vi nok ikkje til å gjere, for då må vi eventuelt ta pengar av vegmidlar eller andre ting. Sjølv om det er viktig å legge til rette for elbil, er det også viktig å faktisk ha vegar som alle bilar og køyretøy kan køyre på, seier han.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå