Hopp til innhold

– Det har vore ein prøvelse

Månadsvis med skuledebatt går no mot slutten. Politikarane vedgår at det har vore tøft.

Nils Petter Støyva, Jenny Følling og Norvall Nøringset.

NØGDE: Nils P. Støyva (Ap), Jenny Følling (Sp) og Norvall Nøringset (SV) er alle godt nøgde med at dei raudgrøne har kome fram til eit kompromiss for framtida til dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det har vore, skal vi bruke ordet prøvelse, å halde på med dette det siste halve året, seier Nils P. Støyva som er gruppeleiar i Arbeidarpartiet.

Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV har no blitt samde om korleis dei skal fordele dei forskjellige utdanningstilboda på dei vidaregåande skulane i fylket.

– Eg trur det er frykteleg viktig for dei vidaregåande skulane i fylket, og for elevane, at ein har greidd å samle seg om eit vedtak, seier Norvall Nøringset i SV og legg til:

– Eg har meint heile tida at det vil vere feil å drive krangle i lang tid om linjer og plassering. Elevane skal ha ro til å velje, og skulane må ha ro til å førebu seg. Det å bruke elvar og skular i eit spel om politikk, det hadde vore frykteleg vanskeleg.

Debatten har rasa

Debatten rundt framtida til dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane har rasa i fylket dei siste månadane.

Færre elevar og mindre pengar har tvinga politikarane til å gjere grep.

Millionar av kroner må sparast i åra framover, og det har blitt føreslått dramatiske kutt. Elevar, tilsette, kommunar, næringsliv og andre har stått på for sine skular og kjempa til siste slutt.

– Dette måtte vi greie

Fylkespolitikarane er i dag og i morgon samla til fylkesting, og dei skal no klubbe gjennom kva som blir framtida for skulane. Dei raudgrøne partia har kome til semje, og om det ikkje skjer noko veldig spesielt blir det slik dei har tenkt.

Gruppeleiarane i dei tre partia er alle godt nøgde med at dei har kome fram til ei felles løysing.

– Eg tenkjer at viss vi skal vere fylkespolitikarar og ha ansvar for dei vidaregåande skulane, så må vi greie å bli samde om eit opplegg som kan stå seg.

– Dette for at ein ikkje i dei siste timane i fylkestinget skal ha avstemming, linje for linje. Då kan det bli ganske tilfeldig, seier Jenny Følling i Senterpartiet.

– Vi har måtte gi og ta

Følling vedgår samtidig at det har vore tøffe debattar, og at det ikkje er alt ein er like nøgde med.

– Det er ting som er vanskeleg for våre medlemmer, men vi står på denne semja.

– Eg er trygg på at om ein snakkar med skulane, så ønskjer ale seg meir. Men det er ikkje mogleg når det blir færre elevar og mindre pengar. Då må vi finne ut kva som er totalt sett vil tene elevane i fylket best.

– Det at ein har eit tilbod i regionen, sitt område, er noko som har vore viktig for oss. Vi har måtte gi og ta, seier Sp-politikaren.

I avtalen har partia også gitt inn for å vidareføre Hordalandsavtalen, som gjer at elevar frå Solund og Gulen kan gå på vidaregåande i Nordhordland. Nøringset vedgår at dette er noko av det han er mindre nøgd med.

– Vi har stemt i mot den i alle år, fordi vi vil bruke dei midlane i eige fylke. Men det gir vi oss på no, fordi vi gjer eit samla vedtak, seier Nøringset.

(Artikkelen held fram under biletet)

Høyanger vidaregåande skule

IKKJE NEDLAGT: Høyangar vidaregåande skule var føreslått nedlagd, men er no berga. Dei raudgrøne er no også samde om at dei får behalde frisørutdanninga.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Har prøvd å lytte og forstå

Nils P. Støyva i Arbeidarpartiet legg ikkje skjul på at diskusjonane har vore tøffe.

– Det har vore veldig mange innspel, frå tilsette og kommunar. Men eg trur vi skal ha forståing for at dette gjeld mange arbeidsplassar, og at det er eit stort engasjement på dei ulike skulane, og i næringslivet.

– Eg har prøvd å lytte og forstå, og så er det ikkje mogleg å tilfredsstille alle når vi veit vi har måtte ta ned 30 grupper eller klassar, seier Støyva.

Han meiner det er svake punkt ved løysinga dei tre partia har kome fram til, men at den er til å leve med for alle partar. Han er spesielt godt nøgd med at Høyanger vidaregåande skule får behalde frisørutdanninga.

– Det har vore viktig å få inn ei styrking av den skulen. Vi har også lagt vekt på at dei har lokala i Høyanger, og at dei har erfaring og personale, seier Støyva.

Vil unngå dette detaljnivået i framtida

Alle tre er samde om at det i framtida ikkje kan vere slik at fylkestinget skal ta stilling til avgjerder ned på eit slikt detaljnivå som dei har gjort no.

– Det er veldig detaljert det vi har heldt på med no, altfor detaljert etter mi meining, seier Støyva.

– Eg meiner detaljnivået som vi har vore nede på no ikkje høyrer heime i fylkestinget, seier Nøringset som håpar det blir opplæringsutvalet som får fred til å styre dette vidare.

– Opplæringsutvalet vil få eit stort ansvar for å følgje opp dette, seier Følling.