For tysdag gjekk Listhaug av som justisminister og Rotevatn har jobba som statssekretær under Listhaug dei tre siste månadane.
– Det har vore ei veke som har vore dramatisk for alle. Sjølvsagt så har ein slik mediestorm rundt sjefen også sett sitt preg på arbeidet i departementet, seier Rotevatn.
No held han fram, medan Per Sandberg (Frp) har teke over som vikarierande justisminister.
- Les også:
Ny sjef
– I lilkheit med Sylvi Listhaug så står vi eit godt stykke frå kvarandre politisk, seier Rotevatn om sin nye sjef Per Sandberg.
Men Rotevatn reknar med at samarbeidet med Sandberg blir uproblematisk
– No kjenner eg Per litt frå før og har alltid hatt ein god tone med han, seier Rotevatn.
I utgangspunktet er Sandberg berre konstituert som justisminister, og det Rotevatn er mest spent på er om det også vert det endelege resultatet
– Det vil vi nok få svar på i løpet av av nær framtid. Det viktige er at departementet er besett. Det er jo litt slik at politikarar kjem og går, men departementet består, ler Rotevatn.
Dramatikken
Midt oppe i den dramatiske avslutninga for den førre sjefen hans, var Rotevatn sjølv på reise i utlandet. Blant anna var han nyleg i Genève, og han vedgår at det ikkje alltid var like ha fokus på møta han var i.
– Eg skal vere så ærleg å seie at det ikkje alltid var lett å følge godt med når du stadig får meldingar på telefonen om den dramatiske utviklinga heime, sier Rotevatn.
– Sjølv om du er ung, så har du opplevde mykje i di politiske karriere. Er dette noko av det mest dramatiske du har vore med på?
– Det er litt vanskeleg å svare på. Eitt minne som sit svært sterkt i meg er då mitt eige parti rauk under sperregrensa i 2009 og Lars Sponheim gjekk av på direkten på valnatta. Det hugsar eg som svært dramatisk. Men denne gonge var eg tettare på, og måten Sylvi Listhaug til slutt måtte trekke seg på var spektakulær. Hadde ho ikkje gjort det, så hadde blitt ein historisk dag i Stortinget. Eg trur mange kjende på at no skjer det noko viktig, for det gjorde det, seier Rotevatn.