Hopp til innhold

– Det har vore ei dramatisk natt

Det gjekk fleire ras i Jølster i natt. Hus og dyrka jord er ikkje ramma.

Ras i Jølster

STORT RAS: Hovudraset gjekk rundt 22.30 i går kveld.

Foto: Narve Heggheim / Privat

– Dette er eit område kor det har kome steinras tidlegare, men ikkje av dette omfanget. Det er snakk om ei større blokk som har dotte ned.

Narve Heggheim

HAR UNDERSØKT OMRÅDET: Narve Heggheim har vore i rasområdet tidlegare i dag.

Foto: privat

Rasa gjekk på Indre Heggheim i den nordre delen av Stardalen. Hovudraset gjekk 22.30 i går kveld.

Heggheim og ein nabo var oppe i rasområdet tidlegare i dag for å undersøka om noko måtte gjerast for å førebygga nye skadar, men det såg dei ikkje behov for.

– Her trur eg naturen skal få gå sin gong.

Han fortel at det er snakk om enormt mykje lausmassar, men at rasa ikkje har gjort stor skade, og at vatnet i området renn som normalt.

Ras i Jølster

MYKJE LYD: Folk i området høyrde mykje støy då rasa gjekk i går kveld og i natt.

Foto: Narve Heggheim / Privat

Ei lukke at ikkje dyr blei tatt

Heggheim seier at rasa gjekk i eit område som ligg vel ein kilometer i luftlinje frå vegen.

– Når det først skal rasa ein plass, er det greitt at det skjer i eit område kor det ikkje er folk og hus.

Men Heggheim fortel at det går beitedyr i rasområdet.

– Det har gått dyr i området stort sett kvar kveld, men dei trekk heldigvis nedover når det er dårleg ver. Det er ei lukke at det ikkje blei tatt nokre dyr i natt.

Heggheim fortel at det ikkje var lett å finna ut kor rasa gjekk i går kveld og i natt. Dette fann ein først ut av i dag tidleg.

Det var ganske dramatisk i natt. Eg var i kontakt med fleire naboar som var like spente som meg på kor i nattemørket desse rasa gjekk.

Ras i Stardalen

FØRSTE BILDE: Her ser du eit av dei første bilda som Narve Heggheim tok i dag tidleg. Ifølge Firda skal breidda på skredsporet variera frå tretti til femti meter.

Foto: Narve Heggheim / Privat