Hopp til innhold

– Det har absolutt ikkje vore nokon knallsommar

Mange meiner vi har hatt ein kald og regntung sommar, men målingane er normale. No går vi håpefullt august i møte. – Det er ingenting som tydar på finvêr denne veka, seier statsmeteorolog.

Statsmeteorolog Anne Mette Olsen har sett på vêrdata for Sogndal, Stryn, Førde, Balestrand, Vangsnes og Sandane.

– Det har absolutt ikkje vore nokon knallsommar, seier ho.

Middeltemperaturen har vore 13,8 grader i juli. Det høyrdest kaldt ut, men det er faktisk 0,3 grader over normalen, seier Olsen. Normalen er gjennomsnittet frå målingar gjort mellom 1961 til 1990.

Når det gjeld nedbør, har fylket under eitt fått litt meir enn normalt. Nedbørsdagar blir definert som dagar med meir enn 0,1 mm regn.

28 dagar med nedbør i juni

Ålfoten hadde flest nedbørsdagar i Sogn og Fjordane i juni. Her draup det frå himmelen 28 av 30 dagar. I juli hadde Viksdalen i Gaular flest nedbørsdagar, nemleg 22 av 31.

Førde får den tvilsomme æra av å komme på andreplass når det gjeld tal på nedbørsdagar. I juni hadde byen 25 dagar med regn og i juli vart det 21, og det kom totalt 160 mm i den sjuande månaden.

I Sandane var det 19 nedbørsdagar, og i Vangsnes regna det 16 dagar i juli.

I stryn måler dei berre når det kjem over 1 mm nedbør, og med utgangspunkt i det, hadde dei 18 nedbørsdagar i juni og 13 i juli.

Lite fint vêr i Førde

Det er berre Førde som observerer skydekket i Sogn og Fjordane, så dette er den einaste staden meteorologane kan seie noko om talet på penvêrsdagar.

Regndråper på et vindu.

IKKJE UNORMALT: Det har ikkje vore spesielt mykje regn i Sogn og Fjordane i sommar.

Foto: EWA-MARI HEDMAN / NRK

– Skydekket bestemmer om det er ein finvêrsdag, mindre enn halve himmelen må vere dekka av skyer. Vi måler skydekket tre gongar om dagen, seier Olsen.

Ut frå desse kriteria, har Førde berre hatt tre fine dagar i heile juli.

Flest varme dagar i Svelgen

I juli fekk Svelgen 12 dagar med temperaturar over 20 grader. Dei går altså av med sigeren for flest varme dagar denne månaden.

I juni hadde Lærdal flest dagar med høg temperatur. Dei eksotiske 20 gradene kunne lærdølane nyte i fem av tretti dagar.

– Dessverre er dette ganske normale målingar, seier Olsen.

Målestasjonen ved Sogndal lufthamn har berre registrert seks dagar med 20 grader eller meir. Det blir altså den kaldaste staden i juli.

– Det blir grått første veka i august

Det blir byer i dag og i morgon, men på torsdag blir det opphald først på dagen. Vi får inn nedbør utover dagen, ifølge meteorologen. Det blir også nedbør i helga.

– Dette er stort sett ganske representativt for heile vestlandet. Både Bergen og Stavanger har omtrent dei same verdiane.