Hopp til innhold

– Det gjer fysisk vondt at sauekjøttet berre vert kasta ut av vindauget  

Gourmetkokken Ole Jonny Eikefjord meiner kokkebransjen og matkjedene må ta sin del av skulda for at nordmenn vel vekk sauekjøtt til matlaging.

Ole Jonny Eikefjord

MÅ FORBETRAST: Ole Jonny Eikefjord meiner at matindustrien må auke kunnskapen om sauekjøt for å minst mogleg svinn.

Foto: David Kandal / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

– At noko smakar sau er jo eit negativt lada uttrykk. Men kjøttet i seg sjølv er jo veldig godt, seier Eikefjord.

Han slår no eit slag for at sauekjøttet vert betre implementert i den daglegdagse matlaginga til nordmenn – og på restaurantane.

Dårleg kunnskap

For nokre veker sidan vart det kjent at 600 tonn med sauekjøt ligg stua vekk på fryselager fordi folk ikkje spør etter kjøtet. Samtidig har matkjedene innrømma at dei har vore for dårlege til å få folk til å velje nettopp kjøt av sau. Eikefjord meiner at det er fleire grunnar til at sauekjøttet sjeldan dukkar opp på matfatet til nordmenn.

– Det er nok fordi det har eit dårleg rykte. Folk føretrekker heller andre ting som biff, kylling eller lam. Men dersom du går i butikken for å kjøpe få tak i sau, så er ikkje det så veldig tilgjengeleg heller, seier han.

Eikefjord, som sjølv nyttar sauekjøtt på menyen, meiner det norske samfunnet rett og slett ikkje har nok kokekunnskap om kjøttet.

– Nordmenn generelt veit nok lite om korleis ein skal bruke sau i mat. Samstundes så er det ikkje så mange kokkar som nyttar så mykje av kjøttet heller, seier han.

Kontrastar

Ved ferskvaredisken på Mega i Førde puttar Even Hornes inn nok eit smalahove. Sjølv om desse sel godt på hausten er det lite etterspurnad om sau generelt. Han slit med å forstå kvifor.

– Lam høyrest jo godt ut, men når det kjem til sau så er det liksom ikkje så fint lengre. Det er litt rart eigentleg.

Mykje lam, men ikkje sau.

LAMMEKJØT: Over ferskvaredisken på Mega i Førde heng pinnekjøt frå lam, klar til bruk. Her er det lite tilbod for dei som ønskjer å kjøpe kjøt frå sau.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Ved Asia basar jobbar Mohmmod Idris Ali frå Eritrea. Han kan fortelje at etterspurnaden etter kjøttet er heilt annleis der, enn på vanlege norske kjedebutikkar. Der er kjøtet nærmast å rekne som ei delikatesse.

– Det er veldig populært. I arabiske land brukar man ein del sauekjøt, og det gjer me jo der eg kjem frå også.

Salet av sauekjøtt går som hakka møk på Asia Førde om dagen.

SEL GODT: Mohmmod Idris Ali frå Eritrea fortel at sauekjøtet er som ei delikatesse å rekne for mange av kundane som kjem innom butikken hans.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Må lære frå andre kulturar

Kjendiskokk Lars Barmen har sjølv vakse opp i med å ete sauekjøtt. Han meiner nordmenn i dag har mykje å lære av andre kulturar.

– Den vestlege kulturen har nok forfina ting i matvegen, og det er forferdeleg synd. Tek du til dømes arabiske land så har dei mykje geit og sau i kosthaldet sitt, og det er masse gode oppskrifter å hente derfrå.

– Tenk på same måte som med storfekjøt i hamburgar, lasagne og slike ting. Det går også an å lage fine stykningsdelar frå lår, det går heilt fint å lage biff av og ytrefilet er heilt supert.

Han er eining med Eikefjord i at daglegvarebutikkar og restaurantar har eit ansvar for å tilby meir av unytta kjøtt som sau og høne og for å minske matsvinnet.

– Eg tykkjer eigentleg det er heilt forferdeleg. Dette er mat som ligg der på fryselageret uansett.

Er du også einig? Kvifor ikkje bytte ut biff med sau neste gong du lagar denne klassikaren: