Desse to gjer alt for å få gründaren frå Sunnfjord frikjend for korrupsjon

FROSTATING / TRONDHEIM (NRK): – Eg visste aldri at eg var mistenkt for korrupsjon – ikkje før eg blei tiltalt jula 2017.

FORSVARERNE: Advokatene Bjarte Grønlien (til venstre) og Erik Ulvesæter forsvarer den korrupsjonssik

FORSVARARANE: Advokatane Bjarte Grønlien (t.v.) og Erik Ulvesæter forsvarar den korrupsjonstiltalte gründeren og tidlegare bedriftseigaren frå Sunnfjord.

Foto: Frode Thingstad / NRK

Det sa den tidlegare gründeren og bedriftseigaren frå Sunnfjord som forklarte seg for lagretten i Trondheim i dag. Han og to andre er tiltalt for omfattande korrupsjon.

– Dei krasse skuldingane som er retta mot meg og forretningsdrifta mi er ubegripelege, heilt ubegripelege, sa sunnfjordingen i retten.

Han har med to forsvarar i lagmannsretten, Bjarte Grønlien og Erik Ulvesæter. Dei meiner å kunne dokumentere at klienten deira er uskuldig i dei alvorlege skuldingane frå påtalemakta.

– Det gjeld mitt liv og familien min, og folk som ønsker å kaste meg i fengsel, sa den korrupsjonstiltalte.

Tydeleg prega i retten

I retten beklaga han at to andre personar ikkje blei avhøyrd før påtalemakta tok ut den alvorlege tiltalen mot han. Personar som ville ha bidrege med viktige opplysningar i saka, meiner mannen.

Det var ein tydeleg prega mann frå Sunnfjord som forklarte seg i Trondheim torsdag. Han fortalde mellom anna om svært lange arbeidsdagar i firmaet han dreiv.

Då kompanjongen hans flytta til Bergen, følte han at han mista partnaren sin. Denne «skilsmissa» oppstod i samband med finanskrisa i 1989. Det enda med usemje, krangel og det sunnfjordingen kallar usakleg kommunikasjon mellom dei to.

– Vi oppførte oss som to barnehagebarn som sat i ei sandkasse og kasta sand på kvarandre. Vi var blitt uvener etter så mange år med utmerka samarbeid. Vi klarte ikkje å kommunisere lenger. Difor delte vi selskapa i 2011.

Frostating lagmannsrett behandler korrupsjonssak

OMFATTANDE SAK: Det er sett av i alt sju veker til handsaminga av korrupsjonssaka i Frostating lagmannsrett.

Foto: Frode Thingstad / NRK

– Umogleg å halde fram

Heime i Sunnfjord fekk gründeren mykje merksemd for det arbeidet som blei gjort med å skape nye arbeidsplassar. Men bak fasaden hadde han hengande påstandane og seinare tiltalen om korrupsjon.

Så i oktober 2018 kom nyheita om at han selde bedrifta si.

– Det blei umogleg å halde fram med denne saka hengande over meg. Då tiltalen kom, hadde eg 900 millionar i lån og plikter. Skuldingane om at eg har vore korrupt og drive med bestikkelsar, er heilt utruleg, meiner sunnfjordingen.

Han peika på at han heile vegen har hatt eit godt samarbeid med fiskefôrgiganten Ewos, som var den sentrale kunden for bedrifta han eigde og dreiv.

Meiner politiet hadde skjult agenda

I tiltalen blir det hevda at sunnfjordingen og kompanjongen hans bestakk den tidlegare logistikksjefen i Ewos i millionklassen.

Han hevda at han slett ikkje har drive med kriminell aktivitet, men derimot bidrege til ei positiv utvikling og skapt nye arbeidsplassar.

– Men det ser dessverre ut som politiet hadde bestemt seg for at vi hadde ein skjult agenda og dreiv med korrupsjon.

Fredag er det rettsfri, men sunnfjordingen held fram si forklaring måndag. Det er sett av sju veker til den omfattande korrupsjonssaka som har eit omfang ein sjeldan har sett i Noreg.