Hopp til innhold

– Det gav meirsmak for å seie det slik

Richard Fromreide bytta ut rullestolen med robåten og la ut på langtur frå Askøy til Luster.

Richard Fromreide

FRAMME: Fromreide var framme om lag to dagar før venta. Turen var 140 nautiske mil lang.

Foto: Kjell Tore Solvang

– Det stod til forventningane slik eg hadde håpa, seier Richard Fromreide.

Han er vel heime etter ei veke i robåten. Frå Herdla til Skjolden rodde han 11–14 timar om dagen, med kvile berre ein og ein halv dag til saman i løpet av turen.

– Eg må innrømme at eg kjenner det ganske godt i armane og ryggen. Ein blir ganske trøytt, seier han.

Bytta ut rullestolen

Fromreide er lam frå livet og ned, og når han er på land sit han i rullestol. Han har likt seg på vatnet heilt sidan han var liten, og hadde planlagt denne turen i lang tid.

– Eg har ikkje høyrt om andre som har teke denne turen, og det er ein motivasjon å kunne vise andre at ein kan greie kva som helst om ein berre vil, seier han.

Richard Fromreide

GREIDDE MÅLET: Fromreide synest det er kjekt å kunne vise andre at ein kan klare kva som helst om ein vil.

Foto: Kjell Tore Solvang

Fromreide seier turen har gått bra, og at dei stort sett har hatt fint vêr. Men det blei litt krevjande då det mot slutten av turen blei både motvind og sidevind.

– Eg har jo ikkje så god balanse, så då måtte eg ro med ei åre og støtte meg med den andre. Men når eg tenker på det no, er det er greitt å ha kjent på det også, seier Fromreide.

Vil på fleire turar

Med så mange timar i ro og fred på vatnet, seier Fromreide at han har hatt mykje tid til å tenke. Kva som blir det neste målet er ikkje heilt sikkert, men at han skal på tur igjen, veit han.

– Eg har tenkt mykje på det, men tid og stad er ikkje noko eg vil seie enno, seier han.

– Men du har allereie lagt planar?

– Ja, eg har hatt nokre tankar. Det gav meirsmak for å seie det slik, seier han.

roaren sin distanse