Hopp til innhold

– Det er vanskeleg å komme ut av denne vonde sirkelen

HOLMENKOLLEN/FØRDE (NRK): Plutseleg sa det stopp for Anders Fannemel. Den tidlegare verdsrekordhaldaren veit ikkje lenger korleis han skal hoppe langt.

Vinter-OL. Olympiske leker i Pyeongchang 2018.

HAR FÅTT EIN KNEKK: Sjølvkjensla til Anders Fannemel har fått ein knekk etter motgangen.

Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

Sesongen starta fantastisk for honndølen tok steget opp på pallen i den tysk-austeriske hoppveka. Og før jul tok han sin første verdscupsiger på to år. Alt såg ut til å gå på skinner før OL i Peyongchang.

Men slik gjekk det ikkje og no står Anders Fannemel att som ein skugge av seg sjølv.

– Det er frustrerande når eg følar eg hoppar på same måte som før, men likevel hoppar for kort.

Sjølvkjensla har fått seg ein knekk etter OL. Fannemel var sjølvskriven i den norske hopptroppen til Sør-Korea, men enda opp med å ikkje få hoppe ein einaste konkurranse. Under verdscuprennet på Lillehammer på tysdag kom han på ein 29.-plass og dagen før klarte han såvidt å kvalifisera seg til rennet. På onsdag kom han på ein 40.-plass under kvalifiseringa til Raw Air i Granåsen.

– Det er vanskeleg å komme ut av denne vonde sirkelen, seier han.

Skihopp er ein sport med små marginar som skil mellom suksess og fiasko. Og gjennom alle tider har ein sett skihopparar som har gått frå å dominere til å berre bli listefyll. Fannemel lengtar etter hoppet som gjer at han kjem ut av det tunge mørket.

– Det kan losne på berre eitt hopp. Det er det eg håpar på heile tida. No terpar eg på detaljane.

Landslagssjef: – Han er nær

Fannemel var reserve då lagkameratane tok OL-gull. Det er ikkje lett å vere på verdas beste hopplandslag, men likevel ikkje vere blant dei som får hoppe. Då finn den 26 år gamle honndølen trøyst i gode resultat frå lagkameratane sine.

– Det vil alltid vere ein fordel at resten av laget gjer det bra. Då er det enklare å legge bak seg sin eigen skuffelse, seier han.

Sjølv om Fannemel ikkje heilt har trua på seg sjølv, så er det andre som har det.

– Han er nære. Han veit nøkkelen til å låse opp svaret, seier landslagstrenar Alexander Stöckl.

Stöckl meiner 26-åringen kan jobbe seg gjennom motgangen.

– Han jobbar ekstremt bra og er tolmodig. Det skjer at ein er ute av form, noko som øydelegg mykje, men då må ein halde på roa og terpe på tekniske detaljar.

RAW AIR

HAR TRUA: Landslagstrenar Alexander Stöckl meiner Anders Fannemel kan jobbe seg gjennom motgangen.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix