NRK Meny
Normal

– Det er trass alt ikkje snakk om eit drap

Stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) meiner at Liv Signe Navarsete sin kritikk mot partileiinga si handsaming av varslarsaka skyt langt over mål.

SLÅR TILBAKE: Jenny Klinge er stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Møre og Romsdal. Ho meiner Liv Signe Navarsete no bør klare å gå vidare etter den grove meldinga.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

– Det som er ille er at ein eller annan sende ei idiotisk melding til Liv Signe Navarsete, og det er ikkje tvil om at dette er noko ho har hatt grunn til å reagere på. Men så er det trass alt slik at det ikkje er snakk om eit drap, men det har fått merksemd som om det var det, seier Klinge til NRK.

Saka handlar om ei grov Facebook-melding som blei sendt til tidlegare Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete frå ein hyttefest i Sverige i 2016. 10 partimedlemmer var til stades på festen, men ingen har påtatt seg ansvaret.

Tok ordet på Facebook

I dag blei det klart at sentralstyret i partiet ikkje går vidare med saka, etter at politiet slo fast i går at dei ikkje vil etterforske kven som sende den grove meldinga.

– Eg trur ikkje den elendige handteringa Trygve og Marit sto for etter varslinga vil gjenta seg, men la dette stå som eit symbol på korleis eit varsel ikkje skal handterast, skriv Liv Signe Navarsete på sin Facebook-profil i dag.

Dette får partifelle Jenny Klinge til å sjå raudt. Ho meiner at kritikken frå Liv Signe skyt over mål og ho ikkje forstår kvifor den kjem.

– Eg har opplevd at partileiinga har teke saka om Liv Signe Navarsete og meldinga på høgste alvor. Dei har gjort mykje for å finne ut kven det var, men når verken partileiinga eller politiet finn ut av dette, så må vi bestemme oss for at no er nok, slår Klinge fast.

Liv Signe Navarsete

KRITIKK PÅ FACEBOOK: Liv Signe Navarsete vil ikkje kommentere kritikken, men skriv på Facebook at ho meiner handsaminga av den grove meldinga var elendig i 2016.

Foto: NRK

– Vi kjem ikkje lenger i denne saka

Ho er slett ikkje samd med Navarsete i at varselet ikkje blei tatt på alvor og seier at ho ikkje har nokon kunnskap som tilseier at det skal vere greitt å påstå at partileiinga har gjort ein dårleg jobb i denne saka.

– No meiner eg det er på tide å innsjå at vi ikkje kjem lenger i saka. Han som sende meldinga, han får sitje å vite at det var han som gjorde det, mest sannsynleg. Men det betyr ikkje at vi kan drive med kollektiv avstraffing av alle dei andre som var på hytteturen.

Ingen i den sentrale leiinga i Senterpartiet har så langt sagt noko om kritikken Navarsete kom med på Facebook. Navarsete er sjukemeld og vil heller ikkje kommentere det Jenny Klinge seier.

– Eg kommenterer ikkje dette. Dessutan var min kommentar om korleis saka (ikkje) vart kommentert for to år sidan. Ikkje om det som har skjedd no, skriv Navarsete i ein SMS til NRK.