Hopp til innhold

– Det er rart det ikkje er fleire avgangar

SANDANE LUFTHAMN ANDA (NRK): Han har fleire og fleire kundar frå heile verda som skal fraktast til og frå Nordfjord. Men sjefen for Brødrene Aa opplever at flytilbodet i regionen står på staden kvil.

Tor Øyvind Aa

VIL HA FLEIRE AVGANGAR: Dagleg leiar i Brødrene Aa i Hyen, Tor Øyvind Aa.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi har mange reisande frå Kina, Nord-Norge og langs heile kysten. Det å ha flyplass så nær er veldig viktig for oss, seier dagleg for Brødrene Aa i Hyen, Tor Øyvind Aa.

Brødrene Aa er ei av fleire bedrifter i Nordfjord som går svært bra. Næringslivet treng å reise meir enn nokon gong. Men likevel har rutetilbodet frå Sandane Lufthamn Anda stått uforandra i nær 20 år.

– Flya er ofte fulle, ein må bestille billett i god tid. Det er rart det ikkje er fleire avgangar, seier Aa.

Ventar stor pågang til regionen

Per no går det fire fly mellom Sandane og Oslo i døgnet. Tre av fire ruter har mellomlanding undervegs.

I går møtte næringslivet og lokalpolitikarar samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp). Han er på rundreise til kortbanenettet, og bodskapen han fekk var klar: Næringslivet i Nordfjord veks, men flyplasstilbodet står i ro.

Mats Andersson marknadsdirektør i Lefdal gruve

VENTAR ENORM PÅGANG: Marknadsdirektør i Lefdal Mine Datacenter, Mats Andersson.

Foto: Silje Guddal / NRK

Marknadsdirektør Mats Andersson i Lefdal Mine Datacenter ventar stor pågang i åra som kjem av folk frå heile verda. Når selskapet skal opne data-gruva 10. mai har dei like godt chartra eit eige fly til Sandane.

– Vi ventar enormt mykje besøk, det handlar om å få kundar til Lefdal på ein enkel måte. Det å kunne ta drosje rett frå flyplassen til Nordfjordeid, framfor å kome til andre flyplassar der ein må køyre i over ein time, bestille leigebil osb. Slike ting er veldig viktig for oss, seier Andersson.

– Stort behov

Han får støtte frå verksemda Strukturplast i Gloppen. Dagleg leiar Frode Lindvik har sett ei tidobling av omsetninga dei seinare åra, veksten er venta å halde fram.

Frode Lindvik

VEKSTVERKSEMD: Dagleg leiar i Strukturplast, Frode Lindvik

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi treng fleire avgangar, direkteruter, og konkurransedyktige prisar, seier Lindvik.

Senterpartiordførar Leidulf Gloppestad kunne ikkje understreke nok at Nordfjord treng flyplassen.

– Det er stort behov for fleire avgangar ut frå fylket, og vi vil arbeide for det.

Lokalpolitikarar i Nordfjord

MØTTE SAMFERDSLEMINISTEREN: Frå venstre ordførar i Eid Alfred Bjørlo (V), ordførar i Stryn, Sven Flo (H), ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad, (Sp) og fylkesleiar i Frp, Lars Svein Drabløs.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Vil ikkje gi løfter

Men samferdsleminsiteren var ikkje komen for å love noko:

Ketil Solvik-Olsen

TESTA TRYGGLEIKEN: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) fekk sjå tryggleikstiltaka ved Sandane lufthamn Anda, om eit fly skulle treffe fjorden ved rullebana.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– No startar vi neste runde med FOT-rutene, der staten kjøper rutetenester, då blir det høyringar der næringslivet får peike på potensialet for reisande, turisme og næringsutviklinga.

Bør Sandane få fleire ruter?

– Det skal eg ikkje konkludere no, Det beste er om marknaden sjølv går slik at flyselskapa på eiga hand set opp ruter.

– Umogleg utan flyplass

Ingvill Hestenes

STORBRUKAR: Ingvill Hestenes i Melin Medical.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Ingvill Hestenes i Melin Medical er storbrukar av flyplassen.
Dei driv med betalingsløysingar i helsetenesta. Til trass for 70 tilsette i Oslo ligg hovudkontoret på Sandane. Kanskje ei umogleg løysing utan flyplass.

– Den er alfa og omega. Skal ein operere i Norden og Europa med base på Sandane må vi ha Sandane lufthamn, seier Hestenes.