– Det er kameratredning som reddar liv!

FLORØ (NRK): Dei veit at tida er knapp når alarmen går og folk treng hjelp. No ber dei folk øve på kameratredning før dei legg ut på påskefjellet.

fartøysjef

FARTØYSJEF: Odd-Arild Hansen er kaptein på redningshelikopteret. Han håper folk passar på kvarandre og planlegg godt før dei legg ut på tur.

Foto: FREDRIK HELLAND / NRK

– Det har vore ei relativt travel start på påska!

Det seier kaptein Odd-Arild Hansen som er fartøysjef på redningshelikopteret i Florø.

Dette helikopteret har beredskap 24 timar i døgnet. Berre sidan torsdag har dei hatt ti oppdrag, tre av desse var snøskred.

I tillegg til fire alarmar som vart avbrote grunna ver, medisinske vurderingar eller anna.

Systemoperatør

VARMESØKANDE KAMERA: Tekniker og systemoperatør Richard Duckett kan ved hjelp av varmesøkande kamera finne personar sjølv om det er mørkt. Difor oppfordrar dei folk om å ta med seg refleks og lommelykt som lett kan sjåast på kameraet.

Foto: Fredrik Helland / NRK

– Vi forventar at det blir noko å gjere for oss, både grunna skred og at folk skadar seg på turar og toppturar sidan det er påske. Når det er godt ver så blir det mykje folk på fjellet.

Mannskapet veit at tida er viktig når alarmen går. Dei har 15 minutt frå alarmen går til dei skal vere i lufta med helikopteret og på veg til dei som treng hjelp.

– Tida er viktig. Vi ligg på ei snittid på sju-åtteminutt frå alarmen går til vi er i lufta, så vi er raskt på veg for å hjelpe dei som treng hjelp, fortel fartøysjefen.

Tenk tryggleik

– Ha med refleksvest eller lommelykt. Det gjer det enklare for redningsmannskapet å finne personar i mørke, seier redningsmann Tor Inge Weiseth.

Han har vore med på søk etter personar som er sakna og veit kva som kan redde liv.

– Hugs å sjekke varsom.no for skredfare for lokale område. Ha med sender og mottakar, søkestong og spade, seier redningsmannen.

Og dette er ikkje berre for dei proffe turfolkene?

– Nei, dette må alle som ferdast i terreng med skredfare ha i sekken.

Mannskap på redningshelikopteret

TENK TRYGGLEIK: Redningsmann Tor Inge Weiseth, lege Stefan Ivars og kaptein Odd-Arild Hansen håpar mannskapet på redningshelikopteret får ei roleg påske, men trur det blir nok å gjere.

Foto: Fredrik Helland / NRK

Frie luftvegar

– Det er meldt strålande ver, så det kan vere freistande å legge ut på tur med ein lett sekk. Vi forventar heller ikkje dei store veromslaga no, men uhell kan skje og skadane kan kome. Blir du då sittande å vente med ein knekt ankel så blir du fort kald, seier lege Stefan Ivars.

Oppfordringa til redningsmannskapet er å ha med seg nok klede på tur.

– Vi er mest borti vanlege skadar som knekte anklar og armar, rett og slett uhell på ski.

Slik beskriv lege Stefan Ivars kva skadar som møter dei mest på oppdrag i påska.

Mannskapet på SAR

PÅ VAKT: Desse har hatt ei travel start på påska. Ti oppdrag har dei vore kalla ut på sidan torsdag.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Han seier dei fleste er veldig flinke til å passe på både seg sjølv og andre.

– Klokka går veldig fort. Som regel er det for seint når vi kjem, så trass i ein velfungerande redningsteneste her i Norge så er det kameratredning som reddar liv.

Så oppfordringa er å pakke riktig og øve på kameratredning?

– Hugs frie luftvegar! Hald varmen, få fram hovudet og få folk til å puste, seier Ivars.