Hopp til innhold

– Det er jo litt sosialt med ferje

VIK (NRK): Riksvegen mellom Vik og Vangsnes blir tidlegast opna tysdag, men det tek vikjene med fatning.

Bjørn Tore Årevik

FÅR PRATA MED SAMBYGDINGAR: Bjørn Tore Årevik er ein av fleire pendlarar som må ta kriseferje medan vegen er stengd.

Foto: Noralv Pedersen/NRK

Ferjekø Vik

ØYRI-KØ: Ferjekø i Vik sentrum er eit uvanleg syn. Fleire må bruke ferje for å kome seg til arbeid.

Foto: Noralv Pedersen/NRK

– Det er jo litt sosialt da, og du får prata med folk du ikkje får prata med så mykje elles.

Det seier Bjørn Tore Årevik frå Vik. Han er ein av mange som har fått ein kronglete pendlarveg til jobb etter at eit ras øydela vegen mellom Vik og Vangsnes.

Riksveg 13 har vore stengd i seks dagar, og heller ikkje i dag kan han bli tatt i bruk igjen.

– Me treng minst heile dagen i dag for å gjere vegen klar, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden.

Opnar tysdag

Finden merkar sjølv konsekvensane etter raset. Han måtte som mange andre i Vik kommune, i båt, på ferje og buss for å kome seg på jobb i dag. Finden har snakka med entreprenøren som arbeider med å reparere vegen.

– Dei kjem til å trenge heile dagen i dag. Det er alltid ei uvisse, men vi seier at vi kan opne ut på dagen i morgon. Vi får sjå korleis det ligg an i løpet av dagen i dag, seier Finden.

Avdelingsdirektøren meiner det er viktig at dei tek seg god nok tid med arbeidet.

– Vegen vil nok bli veldig god, men området i Galden mellom Vik og Vangsnes har alltid vore ei rasutsett strekning, og det vil det framleis vere, seier han.

– Det er litt sosialt

Svenn Egil Finden

AVDELINGSDIREKTØR: Svenn Egil Finden seier dei vil opne vegen i morgon.

Foto: Noralv Pedersen/NRK

Finden seier at han berre har møtt folk som uttrykker forståing for at vegarbeidet tar tid, og dei som stod i den provisoriske ferjekøen utanfor kommunehuset i Vik sentrum i morgontimane måndag, stadfesta det inntrykket.

– Sjølvsagt hadde eg håpa på å køyre bilen innover til Sogndal, men ferja er eit godt alternativ når vegen ikkje opnar i dag. Eg veit at dei har arbeidd mykje med å bygge han opp att, seier Bjørn Tore Årevik.

Årevik bur i Vik, men arbeider med bygginga av den nye Loftesnesbrua i Sogndal, og for han betyr den stengde vegen at han først må ta kriseferja frå Vik til Vangsnes, deretter ei ny ferje frå Vangsnes til Hella, og så ein god halvtime i bil til Sogndal.

– Vi er ein del som arbeider med å brubygginga, og vi blir for seine når vegen er stengd, men det går bra; vi skal få gjort det som skal gjerast, seier han.