NRK Meny
Normal

– Det er jo forferdeleg dårleg reklame for Noreg

Erfarne reiselivsjournalistar er skaka over bileta som viser at turistar bokstaveleg tala drit i norsk natur.

Odd Roar Lange

DÅRLEG: Odd Roar Lange meiner dårlege toalettforhold er svært uheldig reklame for Noreg.

Foto: Roar Strøm / NRK

Me skreiv tidlegare i dag at ved Supphellebreen i Fjærland flyt det av dopapir og avføring.

– Det er jo forferdeleg dårleg reklame for Noreg. Me sel oss til utlandet som ein fin nasjon med rein natur, så kjem dei hit og dette er det dei ser og får, seier Odd Roar Lange som er ein av Noreg sine mest erfarne reiselivsjournalistar.

Etter mange år i Dagbladet driv han no sin eigen reiselivsblogg.

Ikkje berekraftig

– Det biletet som blir seld av Noreg og det biletet som blir levert blir ikkje det same når det er slike høve som dette, seier Lange.

Han meiner toalettforholda og konsekvensane av det er bra for verken turistane eller dei som bur i området.

Berekraftig turisme er det nye store, og det går ut på at det skal vera minst mogleg miljøskade, og berekraftig for dei som bur på staden. Dei skal oppleve turismen som noko positivt, men dette er ikkje positivt.

Ekskrement nær Suppehellebreen

UHELDIG: Nær parkeringsplassen ved Supphellebreen ligg det avføring og søppel.

Foto: Silje Guddal / NRK

Kommunane må ta ansvar

Lange meiner løysinga på problemet kan ligge hjå kommunen.

– Me treng opne toalett som blir vaska og er reine. Dette må kommunane ta ansvar for og drifte. Dei lyt sørge for at inntektene kjem gjennom hamneavgift når det gled cruiseturisme, eller andre finansieringsordningar. Ein kan ikkje forvente at private kafear skal halda toaletta sine opne for turistar som må på do.

Helge Baardseth er forfattar og reiselivsjournalist. Han meiner også at kommunane må ta ansvar.

– Kommunane må vite at når det gjeld tilfredsstillande toalettforhold så kjem det utgifter. I overgangsperiodar er det mogleg å ha mobile anlegg medan ein byggjer ordentlege, så det er ingen unnskyldning at toalettforholda er så dårlege på stader med mykje turisme, seier han.

Helge Baardseth

TA ANSVAR: Helge Baardseth meiner det er enkelt å føre opp midlertidige toalett på stader med mykje turisme, medan det blir bygd ordentlege anlegg.

Foto: Johan M. Falch

Auke i turismen

Baardseth meiner det er to grunnar til at konsekvensane av dårlege toalettforhold oppstår.

– Me har fått ei sterk auking i talet på turistar som kjem til Noreg, noko me ikkje er førebudde på. Turismen er ikkje bygd ut i forhold til talet på turistar som kjem. Me må laga konsekvensanalysar på turismen, for den har både gode og dårlege sider. Det er viktig å seia nei når me ikkje kan ta i mot fleire, og så lage reguleringar i forhold til det.

I Stortingsmeldinga som kom i år er det ikkje opna for turistskatt på generell basis, men det er opna for at kommunane kan ta betalt for fellesgode.

– Det å setje opp gode toalettforhold er eit fellesgode som det er mogleg å ta seg betalt for. I Sogn og Fjordane er dette mogleg å gjennomføre dette viss det er vilje for det, seier Lange.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.