Hopp til innhold

– Det er ingen tvil om at ulven er i området

Lammet som fredag vart funne med skadar i bringa, vart angripen av ulv.

Lam truleg skadd av ulv

SKADANE: Både dette lammet og kadaveret som SNO i dag undersøkte i Hyllestad hadde tydelege spor etter eit ulveangrep.

Foto: Privat

Det slår rovviltkontakt Ingmar Slettmark fast etter å ha sett på det skadde lammet funne i området ved Brensdalsstølen i Hyllestad. I tillegg er det siste dagane funne kadaver i området Såteheia.

Truleg har ulven fått for dårleg tak eller blitt forstyrra under angrepet.

– Vi fekk klipt det og då kom det tydeleg fram eitt hol på kvar side av halsen. Det er nok ulv. Det same gjeld kadaveret vi såg på. Det hadde bit over hals og bak på ryggen og vart mest truleg teke torsdag, seier Slettmark.

Fellingslag held vakt

Representantar frå fylkesfellingslaget var ute fredag kveld og natt til laurdag for å sjå til sauene i beiteområdet i Hyllestad. Etter stadfestinga til Slettmark er representantar framleis i området.

Fylkesmannen har gjeve fellingsløyve på ein ulv mellom Sognefjorden og Dalsfjorden.

– Det har vore roleg i området, men det har skjedd fleire angrep siste dagane. Siste angrepet var ganske nyleg. Sidan sauene er ganske konsentrerte og greie å ha oversikt over, så vel vi å vere der, seier leiar Arve Aarhus.

16 kadaver

Til no er det funne 16 sauekadaver i fjellområda rundt Lavikdalen. Bøndene har siste dagane vore ute og både sett etter sauer og kadaver. Tre buskapar har i hovudsak henta ned dyra sine. Søndag byrjar ein fjerde bonde på nedsankinga.

Det går kring 2.100 småfe på beite i området. No fryktar fleire bønder å finne mange kadaver utover hausten.

– Det er nær 100 dyr ein ikkje kan gjere greie for. Men ein veit jo ikkje sikkert kva som har skjedd, seier leiar Ove Sørestrand i Høyanger Nordside Beitelag.

Framleis i området

Det kan vere rovdyr, men det kan like gjerne vere sjukdom eller tørken som har drive dyra vekk frå beiteområdet. Uansett er Slettmark sikker på at ulven framleis er i området.

– Det vil han nok vere så lenge sauene går på utmark eller innmark. Men han flyttar fort på seg, og går inn og ut av område. Det er vanskeleg å seie kor stort område han vandrar over no, seier han.

– Det kan bety at sauene heller ikkje er trygge på innmark?

– På ingen måte.