Hopp til innhold

– Det er ikkje rom for meir kutt

Utdanningsforbundet er sterkt uroa over dei varsla kutta innan skule og barnehage i Lærdal. – Ein svært alvorleg situasjon, seier hovudtillitsvald.

Lærdalsøyri skule

NEDSKJERINGAR: Rådmannen i Lærdal varslar kutt i storleik fem til ti millionar kroner i oppvekstsektoren i kommunen. Det kan bety nedskjeringar ved Lærdalsøyri skule.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Lærdal kommune står føre store økonomiske utfordringar. På kort sikt må kommunen spare 10 millionar kroner årleg, og ifølgje rådmann Alf Olsen jr. kan summen nærme seg 15 millionar kroner årleg i løpet av den neste fireårsperioden.

Både han og varaordførar Trond Øyen Einemo seier det vil bli nødvendig å kutte i sektorane som utgjer storparten av kommunen sitt budsjett, nemleg oppvekst, pleie og omsorg og helse.

– Vi opplever situasjonen som svært vanskeleg. Vi har allereie vore gjennom ein periode med nedskjeringar og reduksjon i budsjetta. Vi fryktar ei endring i skulestrukturen og vi er også uroa for kvaliteten i skulen når pengesekken blir mindre.

Det seier Målfrid Aspeseter som er hovudtillitsvald for Utdanningsforbundet i Lærdal. Ho jobbar til dagleg som lærar ved Lærdalsøyri skule.

Fryktar skulenedlegging

Torsdag sist veke valde rådmannen i Lærdal å orientere også pressa om det han skildra som ein dramatisk og alvorleg situasjon for kommunen. Sviktande inntekter på eigedomsskatt på kraftverk og sal av kraft gjer at kommunen må fram med sparekniven.

– I praksis kan det bety ei skulenedlegging i yttarste konsekvens, sa rådmannen til NRK.no torsdag.

Målfrid Aspeseter

UROA: Målfrid Aspeseter i Utdanningsforbundet i Lærdal legg ikkje skjul på at dei ser alvorleg på den komande kuttprosessen. Aspeseter jobbar til dagleg som lærar ved Lærdalsøyri skule.

Foto: Privat

I dag er det tre skular i Lærdal kommune. Lærdalsøyri, Borgund og Ljøsne. I arbeidet med ein skulebruksplan har skulen på Ljøsne vore i faresona, men etter valet i haust vart det frå politikarane si side sagt at ein skulle leggje diskusjonen vekk. No fryktar Målfrid Aspeseter at planane blir plukka fram att.

– Om ein vil halde oppe god kvalitet i skulen så er det ikkje rom for meir kutt. Det vil føre til store elevgrupper per lærar, og det vil også gå utover sosiale tiltak, seier ho.

– Ikkje mogleg å kutte i barnehagane

Ho håpar vidare at barnehagane i kommunen blir spart. Det er i dag ein større barnehage på Lærdalsøyri og ein mindre barnehage på Borgund.

– Slik stoda er i barnehagane trur eg ikkje det er mogleg å gjere kutt der. Det er allereie ei avdeling som ikkje er i bruk, og berre ein pedagog på kvar avdeling, så der har ein nok spart så mykje som ein kan.

– I tillegg har Lærdal teke imot flyktningar, og i barnehagane treng dei pedagogressursen til mellom anna språkopplæring.

Men at det må kuttast forstår også dei tilsette, seier Aspeseter. Ho rosar kommunen for å vere opne om det som skjer, og seier dei vil prøve å vere konstruktive i den vidare dialogen med kommunen.

– Vi ønskjer å behalde skulestrukturen slik den er i dag. Det er viktig for alle tre bygdene, nærmiljøa der har behov for skulane sine, seier ho og er budd ein tøff prosess framover.