NRK Meny
Normal

– Det er i grevens tid det her

SANDANE (NRK): Berre dagar før fylkesmannen skal levere si endeleg innstilling til nytt kommunekart, har politikarane i Eid og Selje vorte samde om ein intensjonsavtale om å slå seg saman.

Alfred Bjørlo

HELD DØRA OPEN: Alfred Bjørlo (V) er ordførar i Eid.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Vi har hatt nokre store steg mot ei samanslåing i dag, sa ordførar på Eid Alfred Bjørlo (V) etter at forhandlingane vart ferdige rundt klokka to onsdag.

På måndag leverer fylkesmann Anne Karin Hamre sitt forslag til kommunekart til kommunaldepartementet. Dei fleste kommunane både i Sogn og Fjordane og elles er for lengst ferdige med samanslåingssamtalar.

Bjørlo vedgår at dei ligg etter.

– Både Eid og Selje har vore det som på spøk har vorte kalla ungkarskommunar. Kommunar som har lyst til å slå seg saman med nokon, men som ikkje har funne nokon å slå seg saman med. Det er nok difor dette har teke så lang tid, sa Bjørlo.

Vil ha ringerunde

Gunn Sande

VIL AT INNBYGGARANE SKAL HØYRAST: Gunn Sande frå Senterpartiet i Selje.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Sjølv om dei aller fleste av representantane på møtet onsdag verka å vere samde om at det no går mot ei samanslåing, vart det nokre atterhald. Gunn Sande frå Senterpartiet i Selje tok til ordet for at folk i kommunen hennar no måtte høyrast.

– Om vi ikkje skal ha ei folkerøysting, så tenkjer eg i alle fall at vi skal ta ei ringerunde til folk i kommunen. Vi må høyre kva folk tenkjer om dette, det har vi tid til, seier Sande.

I juni sa både politikarane og innbyggarane i Selje nei til ei samanslåing med Vågsøy. Ordførar Stein Robert Osdal understrekar i dag ikkje var einstydande med nei til kommunesamanslåing.

Stein Robert Osdal

STORKOMMUNE: Stein Robert Osdal (KrF) er ordførar i Selje.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Vi sa nei til samanslåing med berre Vågsøy, men vi sa ja til ein større kommune. Så opplevde vi at fylkesmannen ynskjer å slå oss saman med Vågsøy med tvang. Det har gjort at vi har starta nye sonderingar og opplevd opne dører i Eid, seier Osdal.

Opne dører

I Eid held dei dørene opne for fleire, også Vågsøy. Sjølv om det i korridorane på Stortinget blir spekulert i at Vågsøy, Selje og Eid kan vere ein kandidat for bruk av tvang, er ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, klar på at han meiner samanslåing skal skje frivillig.

– Det som har vore sagt rund bordet her i dag er at vi får eit mykje betre utgangspunkt om det er tre frivillige partar. Vi er tydlege på at no inngår Selje og Eid ein avtale, og så er Vågsøy invitert med, seier Bjørlo.

Inviterer til namnedugnad

Kloke av skade etter å ha sett den oppheita diskusjonen om kva den nye storkommunen i Sunnfjord skal heite , vil dei to nordfjordkommunane vente med namnediskusjonen til avtalen er skriven.

– Vi bestemmer ikkje namn her og no, men vil først køyre prosessen og sjå om den blir vedteken. Blir den det, ynskjer vi å invitere folk med til ei idemyldring. Akkurat no er arbeidstittelen Selje-Eid eller Eid-Selje, men det er ikkje det vi kjem til å ende opp med, seier Bjørlo.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.