NRK Meny
Normal

– Det er heilt ufatteleg

Einar Skjerven frå Stryn var like i nærleiken då ein lastebil raste inn i julemarknaden i Berlin.

Terror i Berlin.

Ein lastebil køyrde inn i ei folkemengde på ein julemarknad i Berlin måndag kveld. Minst 12 personar mista livet, 48 personar er skadde.

Foto: Michael Kappeler / Ap

– Det er ei skummel stemning i Berlin no. Det er rart å vere her, seier Skjerven.

Stryningen har budd og jobba i Berlin dei siste fem åra med kona si og deira to døtrer på 10 og 16 år.

NRK snakka med Skjerven på telefon frå Tyskland, kontoret hans ligg to kvartal frå julemarknaden på Breitscheidplatz.

Familien var heime

einar skjerven

- UFATTELEG: Einar Skjerven frå Stryn var berre nokre hundre meter unna då ein lastebil køyrde inn i folkemengda i Berlin.

Foto: fotostudio_charlottenburg

Litt før 20.30 måndag kveld kom dei første meldingane om at ein lastebil hadde køyrt inn i ei folkemendgde på julemarknaden i sentrum av Berlin. Lenge var det uvisst om det var ei ulukke eller eit angrep, men seint måndag kveld opplyste politi at det truleg var eit angrep.

Klokka 09.30 tysdag er 12 menneske bekrefta omkomne. Minst 40 ligg på sjukehus.

Skjerven var på veg til sentrum då angrepet skjedde.

– Det var politi og vegsperringar overalt. Politiet gav oss beskjed om å halde oss inne.

– Familien min var heldigvis heime. Vi var på marknaden dagen før. Det er heilt ufatteleg å tenkje på at vi kunne ha vore der.

– Stille og trykkande

Tysdag føremiddag er det ei spesiell stemning i Berlin, seier Skjerven.

– Det er stille og trykkande. Alle eg snakkar med er fullstendig i sjokk.

Han fortel at det var store politistyrkar på julemarknaden dagen før.

– Vi tenkte at det var forbausande mykje. Difor er det ekstra spesielt at noko slikt kunne skje dagen etter.

Det er førebels ikkje bekrefta kven som køyrde bilen eller kva motivet var. Utanriksdepartementet jobbar framleis med å finne ut om nordmenn er råka.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.