Hopp til innhold

– Det er heilt klart at det er tøft

– Å bli sett søkjelys på er traumatisk, og arbeidsgjevar har ansvar for ivaretaking av dei tilsette i ein slik situasjon.

Oddgeir Lunde

- TØFT: – Det er heilt klart at det er tøft. Ein får eit stempel på seg som institusjon, men kanskje og som yrkesutøvar, seier Oddgeir Lunde, fylkesleiar i sjukepleiarforbundet i Sogn og Fjordane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det seier Oddgeir Lunde, fylkesleiar i Norsk Sykepleierforbund i Sogn og Fjordane.

Kulatoppen Omsorgssenter i Vågsøy har vore i hardt vêr i det siste, etter saker der tilsette har fått kritikk frå fylkeslegen. I det eine tilfellet skal ein pasient ha fått alarmsnora kopla frå om natta. I den andre saka fann ein pårørande ektefellen medvitslaus på eit rom, og fekk også skuldingar mot seg.

Lunde understrekar at det ikkje har kome fram kva helsepersonell det er snakk om, og at han uttaler seg på generelt grunnlag. Han har sjølv erfaring frå liknande saker.

– Det er heilt klart at det er tøft. Ein får eit stempel på seg som institusjon, men kanskje òg som yrkesutøvar. Her kan det vere enkeltindivid som har gjort handlingar utan at andre er klare over det, seier han

Må takast på alvor

Sakene frå Kulatoppen har gjort inntrykk på fylkesleiaren.

– Det er trist at slike ting skjer i norsk helsevesen. Det er eit tillitsbrot overfor pasienten og pårørande.

Han meiner helse- og omsorgstenesta i Vågsøy kommune må ta utfordringa på alvor.

– Dei må sette inn faglege tiltak, og dei har ein jobb å gjere for å skape tillit att til pasienten og pårørande, seier han.

– Trengst det også at ein tek vare på dei tilsette?

– Ja, det trengst. Arbeidsgjevar har ansvar for å ta vare på personalet på ein god måte. Samtidig har dei ansvar for å følge opp sakene på ein konstruktiv måte, så slikt ikkje skjer igjen.

Han rår til å ta temaet opp i eit allmøte.

– Viss personalet opplever at dei manglar noko, må ein som arbeidsgjevar gi hjelpa dei treng. Å kome i søkjelyset slik er traumatisk, seier Lunde.

– Krevjande

Hovudtillitsvald i Fagforbundet Vågsøy, Heidi Rønhovde, legg ikkje skjul på at sakene har teke på.

– Det har vore krevjande dagar, og ikkje noko kjekt å få dette opp.

Ho meiner ein i fellesskap må sjå på rutinar og måtar å jobbe på for å forbetre seg, men ho peikar også på at ho har stor til tiltru til dei tilsette.

– Ein gir stort sett god helsehjelp og har mange fornøgde både brukarar og pårørande. Det er klart at alle kan gjere feil, og her har det skjedd grove feil som ikkje skal skje og som ein må ta tak i, seier ho.

Å få eit kritisk blikk retta mot seg er utfordrande for alle, seier Rønhovde, som har tru på betring.

– Vi kan alle gjere feil og alle bli betre, og eg trur vi kan kome styrkt ut av dette.