Hopp til innhold

– Det er eit ekstremt press

Jula blir stadig vanskelegare å takle for familiar med dårleg råd. Det har Renate Håvåg sjølv kjent på. No driv ho «Jul for alle» i Sogn og Fjordane.

Jul for alle på Førde bibliotek

VIL BIDRA: Biblioteksjef Jorun Systad (t.v.) og Renate Håvåg håper at bidraget deira vil gi fleire familiar ei god julefeiring.

Foto: Linda Watten / NRK

– Det var ein stor klump i magen som forsvann. Eg kjente at no løyser det seg, det var ein lette, fortel Renate Håvåg. Ho er drivkrafta bak «Jul for alle» i Sogn og Fjordane.

Håvåg snakkar om si eiga jul for to år sidan, då ho og mannen ikkje hadde råd til julemat og julegåver. Dei forhøyrde seg på Internett og Håvåg kom i kontakt med ein mann som ville gi ho eit gåvekort på 2000 kronar. Det var det som fekk klumpen i magen til å forsvinne og som berga jula deira.

Renate Håvåg

INITIATIVTAKAR: Renate Håvåg har sjølv kjent på korleis det er å ikkje ha råd til å feire jul.

Foto: Linda Watten / NRK

No samlar ho inn julegåver for andre året på rad, til folk som er i same situasjon som ho var. Motivasjonen kom frå den gåvmilde mannen med gåvekortet.

– Det einaste han ønskte var at om eg fekk moglegheit til det nokon gong, så skulle hjelpe nokon andre, slik som han hjelpte meg.

Folk kjem med gåver

Under juletreet på Førde bibliotek har det kome nokre gåver, og i dag kom skuleborn frå Førde for å sjå på dei spennande gåvene under treet. Biblioteket samarbeider med «Jul for alle» og tek i mot gåver frå alle som vil bidra. Ungane blei oppfordra til å fortelje foreldre om prosjektet på biblioteket.

Førde bibliotek

SPENNANDE: Mange kjem innom Førde bibliotek for legge frå seg ein gåve under juletreet.

Foto: Linda Watten / NRK

– Det er eit aukande problem i Norge med fattigdom i aldersgruppa 18–34 år, det viser statistikken. Dette er ei aldersgruppe kor mange kanskje har småbarn i tillegg, seier biblioteksjef Jorun Systad.

Ho beundrar Håvåg for engasjementet og ville gjerne hjelpe til. Bibliotekaren håper fleire vil støtte opp om tiltaket.

– Dei fleste av oss har råd til å gi ei gåve til eit medmenneske og samstundes kjenne på gleda av å gi, seier ho.

Ei auke i familiar som treng hjelp

Førre jul var det 53 familiar som fekk hjelp av «Jul for alle» i Sogn og Fjordane. I år er det 70 familiar på lista til Håvåg.

– Når eg såg at det var så mange som etterspurde dette i år også, så hadde eg ikkje klart å sitte på julaftan og tenke på alle dei familiane, som kanskje ikkje har råd til å feire jul.

Håvåg meiner at jula ikkje burde handle om dyre gåver.

– Eg synest det er eit ekstremt press når eg høyrer at born får gåver til fleire tusen kroner. Det er for høge forventningar, men alle familiar fortener ei jul med julemat og julegåver.